Kanaltunnelen

(Omdirigert frå Eurotunnel)

Kanaltunnelen (engelsk «Channel Tunnel», fransk «Le tunnel sous la Manche»), òg kjend som Chunnel eller Eurotunnel, er ein 50.5 km lang undersjøisk jarnbanetunnel som bind saman Storbritannia og Frankrike. Den går under den engelske kanalen (la Manche) ved Doverstretet, frå Folkestone, Kent i England til Coquelles nær Calais i Nord-Frankrike. Det er den andre lengste undersjøiske tunnelen i verda (etter Seikantunnelen i Japan).

Kart over tunnelen

Idear om eit samband over den engelske kanalen eksisterte så tidleg som i 1802, men blei ikkje realisert før Eurotunnel starta konstruksjonsarbeidet i 1988. I 1994 stod prosjektet ferdig, og gav for fyrste gong jarnbanesamband mellom London, Paris og Brussel.

Tunnelen transporterer lyntog frå Eurostar (passasjerar), Eurotunnel Shuttle RORO vogntransport og internasjonale godstog. I 1996 identifiserte American Society of Civil Engineers tunnelen som eit dei sju underverka i den moderne verda.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kanaltunnelen