Evansbreen i Graham Land
Evansbreen er ein slak isbre i Antarktis som er 5 nautiske mil lang og 4 nautiske mil brei. Breen flyt austover frå platåskrenten og saman med Hektoriabreen mellom Shiver Point og Whiteside Hill, på austkysten av Graham Land. Han vart oppdaga av sir Hubert Wilkins på ein flytur, 20. desember 1928, og namngjeven «Evansfjorden» av han etter E.S. Evans frå Detroit. Vidare landmålingar av Falkland Islands Dependencies Survey i 1955 rapporterte at dette lågtliggande området ikkje var ein fjord, men forma var den nedre delen av Hektoriabreen og breen som no er skildra.[1]
Evansbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 65°5′S 61°40′W / 65.083°S 61.667°W | ||
Lengd | 8 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Evansbreen 65°05′00″S 61°40′00″W / 65.0833°S 61.6667°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Evans Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 22. november 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Evans Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).