Evaporittkarst
Evaporittkarst er karst som er danna i evaporittbergartar som steinsalt, gips og anhydritt, der slike bergartar finst på eller nær overflata, slik at dei kan løysast av grunnvatnet.
Evaporittar, som er danna ved uttørring av vassløysingar, løyser seg særs lett opp i vatn, så det blir raskt og lett danna karstformer. Evaporittbergartane er noko mekanisk svakare enn kalkstein, slik at karstformene ikkje når same dimensjon som karstformer i kalkstein. Ei av dei lengste grottene i verda, Optimisticeskaja i Ukraina med ei lengd på kring 180 km, er derimot danna i gips.
Kjelder
endre- Lauritzen, Stein Erik. (2009, 14. februar). Evaporittkarst. I Store norske leksikon. Henta 17. november 2013 frå http://snl.no/evaporittkarst.