Anhydritt
Anhydritt er eit fargelaust, kvitt eller svakt farga mineral med liten hardleik. Det består av kalsiumsulfat, CaSO4, har rombisk symmetri og finst ofte saman med gips og halitt (steinsalt) som avsetning frå inndampa havvatn (evaporitt), av og til òg på malmgangar. Ved å oppta vatn går anhydritt under volumauke over til gips, CaSO4•2H2O. Dette kan skape jordheving eller til og med jordskjelv.
|
Anhydritt er kjend frå Strynefjellet, fleire stader i dei vestnorske gneisområda, Søftestad og Sulitjelma gruver og dessutan Svalbard.
Kjelder
endre- Anhydritt. (2012, 8. november). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014 frå http://snl.no/anhydritt.
- ↑ Klein, Cornelis and Cornelius S. Hurlbut, 1985, Manual of Mineralogy, 20th ed., John Wiley and Sons, New York, ISBN 0-471-80580-7
- ↑ Anhydrite. Webmineral
- ↑ Anhydrite. Mindat.org
- ↑ Handbook of Mineralogy