Evelyn Ashford (fødd 15. april 1957) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Shreveport i delstaten Louisiana. Ho vart olympisk meister på 100 meter i 1984 og vann elles tre OL-gull i 4 x 100 m stafett.

Evelyn Ashford


Statsborgarskap USA
Fødd 15. april 1957 (67 år)
Shreveport
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984, Sommar-OL 1976

Utmerkingar

Honda Sports Award for Track & Field

Aktiv endre

Ashford deltok i sitt fyrste OL i 1976 og sitt siste i 1992. Etter femteplass på 100 m i Montréal 1976 forbetra ho seg dei neste sesongane. Den 24. august 1979 i Montreal sette ho verdsrekord på 200 meter med tida 21,83 sekundar. Sommaren 1980 var ho i verdstoppen både på 100 og 200 meter, men ettersom USA boikotta dei olympiske sommarleikane i Moskva i protest mot at Sovjetunionen hadde invadert Afghanistan, deltok ho ikkje i Sommar-OL 1980.

3. juli 1983 forbetra Ashford verdsrekorden på 100 m til 10,79 sekundar i Colorado Springs, eit høgfjellsstadion i Rocky Mountains. Same dagen sprang ho eit USA-amerikanske stafettlag inn til verdsrekord i 4 x 100 m stafett med tida 41,61 sekundar. Ho var dermed favoritt til å vinne 100 meter i den fyrste verdsmesterskapen i friidrett i Helsinki. I VM-finalen pådrog ho seg muskelstrekk og braut løpet.

Under Sommar-OL i 1984 i Los Angeles var Ashford i ei eiga klasse på 100 meter og vann på ny olympisk rekord, 10,97 sekundar, Alice Brown på andreplassen fekk 11,13. Ashford sprang så ankeretappen for det USA-amerikanske laget. Her sanka ho seg gullmedalje nummer to, etter at nemnde Alice Brown, Jeanette Bolden, Chandra Cheeseborough hadde ført USA i tet på dei tre fyrste etappane. Halvt anna veke etter Sommar-OL var avslutta, flytta Ashford sin eigen verdsrekord på 100 m til 10,76 sekundar i eit stemne i Zürich.

I 1988 var Ashford sjanselaus i å fylgje landskvinna Florence Griffith-Joyner under OL-finalen på 100 meter i Seoul, der Griffith-Joyner fekk notert fabelaktige 10,54 sekundar. Med tida 10,83 kneip Ashford sølvmedaljen, to små hundredels sekund framom Heike Drechsler frå Aust-Tyskland. I 4 × 100 m stafett sprang Ashford ankeretappen på ny, og trass i dårleg veksling vann ho si tredje olympiske gullmedalje, godt hjelpt av Alice Brown, Sheila Echols og Griffith-Joyner.

I sitt siste Sommar-OL, i Barcelona i 1992, vart Ashford slått ut i semifinalane på 100 meter. Derimot fekk ho si tredje gullmedalje på rad i 4 x 100 m stafett, her tok ho seg av startetappen og sidan syrgde Esther Jones, Carlette Guidry og Gwen Torrence for USA-amerikansk triumf, fem hundredels sekund framfor eit mannskap frå det som tidlegare var Sovjetunionen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre