Even A. Røed

norsk politiker

Even Amandus Røed (fødd 23. februar 1992) er ein norsk lærar og politikar frå Rollag i Buskerud.[1] Han er sidan 2021 stortingsrepresentant frå Buskerud for Arbeidarpartiet.[2]

Even A. Røed
Fødd23. februar 1992 (32 år)
Veggli
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, lærar, fagforeiningsleiar
InstitusjonarKongsberg videregående skole
Alle verv

Røed er utdanna lektor og har arbeidd i skuleverket i Kongsberg.[1] Frå 2011 til –18 var han medlem i kommunestyret i Rollag, deretter i Kongsberg bystyre frå 2019.[1] Ved stortingsvalet 2021 vart han vald inn på Stortinget som Buskerud Arbeidarparti sin tredjekandidat. På Tinget har han sete i Helse- og omsorgskomiteen.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Tvedt, Knut Are (21. april 2023). «Even A. Røed». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. 2,0 2,1 «Biografi: Røed, Even A.», Stortinget (på norsk), 9. november 2021, henta 24. juni 2023