Even Benestad

Even Gottfred Benestad (fødd 16. september 1974) er ein norsk filmregissør frå Grimstad. Han har studert ved Oslo Film og TV-Akademi og har så langt produsert fleire dokumentarfilmar.

Even Benestad
Fødd 16. september 1974 (46 år)
Grimstad
Yrke filmregissør, manusforfattar, TV-produsent

KarriereEndra

Even Benestad fekk gjennombrotet sitt med dokumentarfilmen Alt om min far i 2002. Filmen handlar om regissøren sin eigen far, Esben Esther Pirelli Benestad, hans val om å leva som transvestitt i småbyen Grimstad og korleis det er for menneska rundt han. Filmen fekk svært god kritikk og vart løna med både Amandaprisen for beste norske kinofilm, Filmkritikerprisen og med å vera Noregs nominasjonsbidrag til Nordisk Råds Filmpris.

Neste film med regi av Even Benestad, Natural Born Star, kom ut i 2007. Her portretterer Benestad det turbulente livet til den italienske tidlegare filmskodespelaren Fred Robsahm. I 2011 stod Benestad bak filmen Pushwagner saman med August B. Hanssen. Denne vart til etter eit tre år langt samarbeid med popkunstnaren Terje Brofos, betre kjend som Hariton Pushwagner.[1] Benestad har også regissert kortfilmane Tempus fugit (2009) og 300 sekunder (2011).[2]

Even Benestad har også spela ei lita rolle som seg sjølv i komedien Hjelp, vi er i filmbransjen frå 2011. I tillegg har han vore med Bård Tufte Johansen i ein parodi av sin eigen film, Alt om min far. Parodien fekk namnet «Alt om min onkel», og var med i ein episode av Uti vår hage i 2003.[3]

FilmografiEndra

KjelderEndra

FotnotarEndra