Opna hovudmenyen

Even Saxlund (10. juni 18116. august 1902) var ein jurist, politikar og embetsmann, fødd i Stange. Mikkel Anderssen Saxlund var faren hans, Michael Saxlund sonen hans.

Even Saxlund
Even Saxlund.png
Fødd 10. juni 1811
Stange
Død

6. august 1902
København

Yrke politikar

Saxlund tok juridisk embetseksamen 1835, arbeidde i Justisdepartementet frå 1836 til 1838. Frå 1838 var han fut og sorenskrivar i Aust-Finnmark. Han var fyrst busett i Vadsø, sidan i Vardø. I 1852 vart han utnemnd til byfut i Fredrikshald.

Saxlund var stortingsmann for Finmarkens amt 1845-51 og for Fredrikshald krins på nye tre Storting 1854, 1857-1858 og 1862-64. Han var sekretær i bankkomiteen 1845, av Odelstinget og tollkomiteen 1848. Sekretær i Stortinget 1851, 1854, 1857 og i tollkomiteen 1857. Formann i tollkomiteen 1857, i komiteen om mursteinstollen 1858, og i gasje- og pensjonskomiteen. Medlem av Lagtinget 1863 og 1864, samt av deputasjonane til Eidsvoll 17. mai 1864 og Stockholm 4. november 1864.

Saxlund var høgsterettsassessor frå 1864 til 1894, og var såleis medlem av riksretten over Selmer-regjeringa i 1884.

Etter han tok avskjed frå høgsterett busette Saxlund seg i København, der han døydde i 1903.

KjelderEndra

LitteraturEndra

  • S. H. Finne-Grønn:Slegten Michelet. Chistiania 18??