Opna hovudmenyen

Even Torkildsson Lande (17589. mai 1833) var ein norsk gardbrukar og eidsvollsmann.

Even Torkildsson Lande
Fødd 1758
Grendi
Død

9. mai 1833

Yrke politikar, bonde, rosemålar
Even Torkildsson Lande på Commons
Even Lande signerte denne store ølbollen i 1809. Innvendig viser bollen eit brudefølgje og innskrifta:I Dag skænker Brusen for Pængger og ikke Paa nogen kredit. I morgen I lystige drengge skal I drikke for intet og frit. Siger TPSL 1809. GMDL FOSG. ETS. Dei siste initialane "ETS" står for Even Thorkildsen Lande. Utvendig har bollen innskrifta: VANDRER VARLIG FAR SPARLIG TIDEN ER FARLIG OG DØDEN KOMMER SNARLIG. DIN UNGDUM DU VEL PASSE PAA DEN EY I FYLDERI BORT GAAR. MDCCCIX. Bollen vart kjøpt inn til samlinga på Norsk Folkemuseum i 1897 frå Bygland i Aust-Agder. Diameter 56 cm. NF. 1897-0044. Foto Anne-Lise Reinsfelt, Norsk Folkemuseum.

Lande var fødd på ein husmannsplass i Årdal sokn i Bygland. Han gifta seg til garden Lande i heimbygda. Attåt gardsbruket dreiv han som tømmermerkar og smed.

I 1814 var Lande utsending til riksforsamlingaEidsvoll for Råbyggelagets amt. Han stemte med unionspartiet. Både til Stortinget 1818 og 1821 hamna han på varamannsplass.

Han døydde på Lande i 1833.

Norsk Folkemuseum har ein stor ølbolle med brudefølgje signert «ETL» (sjå foto) og ei kiste som òg skal vere måla av Even Lande.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra