Evenkisk
Evenkisk er det største av dei nordlege tungusiske språka. Det blir snakka av evenkar i Russland, Mongolia og Kina.
Evenkisk Эвэнки (Evenki) | ||
Klassifisering | Altaisk tungusisk nordtungusisk | |
Bruk | ||
Tala i | Folkerepublikken Kina Mongolia Russland | |
Evenkisktalande i alt | 29 000[1] | |
Skriftsystem | kyrillisk | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | evn |
Det grunnleggjande ordforrådet har mykje til felles med mongolske og tyrkiske språk, noko som tyder på eit nært slekskap. Det finst store dialektforskjellar og språket blir delt opp i tre store grupper; nordlege, sørlege og austlege dialektar.
Det evenkiske skriftspråket blei til seint i 1920-åra, som del av den sovjetiske språkpolitikken.