Eyjafjallajökull
Eyjafjallajökull (òg kalla Øyafjelljøkulen[1]) er den sjette største isbreen på Island. Han ligg nord for Skógar og vest for den større isbreen Mýrdalsjökull.
Breen ligg over ein vulkan med ei høgd på 1 666 moh., som har hatt utbrot relativt ofte sidan istida. Det siste utbrotet byrja i mars 2010. Det førre utbrotet, som var frå 1821 til 1823, skapte eit katastrofalt jökulhlaup. Krateret til vulkanen har ein diameter på 3—4 km og breen dekkjer eit areal på om lag 100 km².
Den sørlege enden av fjellet var ein gong ein del av atlanterhavskysten. Sidan sjøen har trekt seg tilbake om lag fem km grunna landheving har den tidlegare kystlinja etterlate bratte klipper med mange vakre fossefall. Den mest kjende av desse er Skógafoss. I kraftig vind kan vatn i dei mindre fossane blåse oppover fjellet.
Vulkanutbrotet i mars 2010
endreMellom 3. og 5. mars 2010 vart det registrert nær 3000 jordskjelv med episenter i vulkanen. Dei fleste var små, men nokre kunne kjennast i busette område nær jøkulen.[2] Vulkanutbrotet vart fyrst meldt 20. mars.[3][4] Tettstadane Fljótshlíð og Markarfljót vart evakuerte og Icelandair-fly som skulle til Reykjavik vart omdirigerte grunna oske og vanskelege innflygingsforhald.[5][6] På formiddagen 21. mars vart det meldt at evakueringa i det truga området var gått svært snøgt og at alle var komne i sikkerheit. Det var no klårt at utbrotet var i eit område med lite is, og det gjorde at faren for flaum og jökulhlaup ikkje var så stor som ein fyrst frykta, men det vart starta nøye overvaking av situasjonen.[7]
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Eyjafjallajökull» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2007.
Bakgrunnsstoff
endre- Historia til Eyjafjallajökull (islandsk)
- Bilete frå www.islandsmyndir.is
- Aktuell seismografisk aktivitet på Island
- ↑ Olav Aasmundstad (1896). Njaala elder Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans. s. 229.
- ↑ «Morgunblaðið: «Fyrsta háskastigi lýst yfir»».
- ↑ [1]
- ↑ Volcano Erupts Under Eyjafjallajökull Reykjvavik Grapevine, 21. mars 2010
- ↑ Gos hafið í Eyjafjallajökli, Visir, March 21, 2010
- ↑ Volcanic eruption in Eyjafjallaglacier - flights to Iceland are on hold., Icelandair, 21. mars 2010.
- ↑ ««Eldgos á Fimmvörðuhálsi» på nettstaden ruv.is». Henta 21. mars 2010.