Eystein Husebye
Eystein Husebye {fødd 1. januar 1937 i Sulitjelma) er ein norsk seismolog som har doktorgradar frå universiteta i Uppsala og Oslo. Husebye er mellom anna kjend for arbeidet han har gjort med seismisk tomografi og seismologisk overvaking av av kjernefysiske prøvesprengingar.
Eystein Husebye | |||
Fødd | 1937 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | seismolog | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo Universitetet i Bergen | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Frå 1968 til 1993 var han forskingssjef ved NORSAR, og frå 1993 har han vore professor i seismologi ved Universitetet i Bergen. Han var Professor II ved Universitetet i Oslo frå 1979 til 1990.