Eyvind Fjeld Halvorsen
Eyvind Fjeld Halvorsen (fødd 4. mai 1922 på Ringerike, død 19. mars 2013 på Kolsås) var ein norsk filolog.[1]
Eyvind Fjeld Halvorsen | |||
Fødd | 4. mai 1922 Ringerike kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 19. mars 2013 Bærum kommune | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | lingvist, filolog | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Eyvind Fjeld Halvorsen vart cand.philol. i 1947, og reiste deretter på studieopphald i Paris to år. I 1949 tok han til å undervisa i norrøne studiar ved University of Glasgow, og blei verande der til 1954,[2] då han vart dosent i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo. I 1959 vart han dr.philos, med avhandlinga The Norse Version of the Chanson de Roland om Rolandskvadet.[3] Frå 1962 blei han utnemnd av universitetet til professor i norrøn filologi. Denne stillinga heldt han i nøyaktig 30 år, og han var også dekanus for det historisk-filosiske fakultetet frå 1964-69. Han har skrive ei rekkje artiklar for Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder.
Eyvind Fjeld Halvorsen fekk mykje å seia for utviklinga av det norske skriftspråket på 1900-talet. I trettiårsperioden frå 1958-1988 veksla han mellom å vera formann og viseformann i Norsk språknemnd, som blei til Norsk språkråd i 1972. Han sat også i Stadnamnutvalet.[4]
Eyvind Fjeld Halvorsen var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1961.
Kjelde
endre«Eyvind_Fjeld_Halvorsen» i Store norske leksikon, snl.no.
Fotnotar
endre- ↑ Dødsannonse frå Aftenposten (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 3. desember 2013, henta 2. desember 2013
- ↑ Hvem er hvem 1973. Digitalisert og tilgjengeleg på Runeberg.org
- ↑ Doktoravhandlinga på Museum Tusculanums Forlag[daud lenkje]
- ↑ Forvaltningsdatabasen om Fjeld Halvorsen, arkivert frå originalen 3. desember 2013, henta 2. desember 2013