Færøysk ytre språkhistorie
Færøysk ytre språkhistorie er framstillinga av dei samfunnsmessige vilkåra til færøysk. Den færøyske språkhistoria er prega av at eit øysamfunn med norrøn busetnad og at språket kom inn under, og framleis er underlagt dansk styre, samstundes som det dominerande språket på øyane ikkje er dansk.
Tida før eit eige færøysk skriftspråk
endreOpp til 1400-talet hadde ein på Færøyane ei liknande rettskriving som islandsk og norsk, men etter reformasjonen, forbaud dei danske styresmaktene å nytta målet i skulen, kyrkja og i offentlege dokument, altså dei viktigaste stadene der skriftmål overlever i eit samfunn der folk stort sett ikkje kan skriva. Øyfolket heldt fram å nytta målet i balladar, eventyr, og til kvardags. Dei heldt oppe ein rik munnleg tradisjon, men i dei neste 300 åra vart dette ikkje spegla i skrift.
Etter kvart som nasjonalkjensla voks fram i Europa, voks òg færøyingane si interesse for sjølvstendig kultur og eit eige språk. Det vart samla inn balladar og eventyr, nett som i Noreg. I denne samanhengen kan me òg sjå arbeidet for å skape eit færøysk skriftmål.
To framlegg til færøysk skriftspråk: Svabo og Hammershaimb
endreDen som fyrst framstilte færøysk som sjølvstendig språk, var den færøyske studenten Jens Christian Svabo (1746–1824). I dei færøyske visesamlingane sine nytta han ein ortofon (uttalerett) skrivemåte han sjølv hadde utvikla.
Den færøyske skriftnormalen me kjenner i dag, vart kodifisert i 1846 av Venceslaus Ulricus Hammershaimb med tekstsamlinga Færøiske Trylleformularer. Ein normativ færøysk grammatikk kom med «Færøsk Sproglære» i Annaler for nordisk Oldkyndighed i 1854, og den endelege skriftnormalen kom i samlinga Færøsk anthologi 1891. Hammershaimb valde ein normeringsmåte som likna mykje på den Ivar Aasen nytta for nynorsk: Han samla inn emne frå ulike dialektar, samanlikna deretter dialektane med kvarandre, med norrønt og med andre nordiske språk, og konstruerte til slutt ei skriftnorm ut frå denne samanlikninga. Hammershaimb gjekk likevel meir etymologisk til verks enn Aasen.
Noko av grunngjevinga for etymologiseringa til Hammershaimb var praktisk i høve til dialektskilnadene: For ikkje å gjeva ein einskild dialekt for mykje vekt, måtte han gå attende til den historiske forma for å finna ei samform. Dei store morfo-fonologiske skiftingane i færøysk vart òg betre tekne hand om på denne måten: Former som «dagur», «dag», «dags», «dagar», «døgum» har på overflata (dvs. i uttalen) stor variasjon, men ved å nytta ein konsekvent morfo-fonemisk skrivemåte, kan ein i færøysk lett gå frå skrivemåten til uttalen. Ei anna side ved etymologiseringa var trongen for å markera avstand til dansk, og å syna samanheng med andre nordiske språk, særleg med islandsk og norsk. Ei slik markering var viktig i høve til oppfatninga om at færøysk var ein forkvakla dansk dialekt eller eit blandingsmål. Her kom framlegg i puristisk retning. Ei tredje årsak ligg i forlenginga av den skandinavistiske ideologien: Ved å gjera språket mest mogleg nært norrønt, gjorde ein det også meir likt det historiske grunnlaget for alle dei nordiske språka – òg dansk. Alle desse faktorane, som Hammershaimb kom inn på i «Færøsk anthologi», gjorde at tanken om system og indre samanheng i språket vart eit viktig grunnlag for korleis det færøyske språket skulle sjå ut.
Språkvitaren Jakob Jakobsen (1864–1918) hadde eit anna rettskrivingsideal enn Hammershaimb, basert på ortofoni, og i 1889 la han i artikkelen «Nogle Ord om Færøsk, samt et Forslag til en ny færøsk Retskrivning»[1] fram eit rettskrivingsframlegg som gjekk i ortofon lei, på ein måte ei vending attende til Svabo sin innfallsvinkel. Jakobsens rettskrivingsframlegg var basert på talemålet i Sør-Streymoy, det mest sentrale området på Færøyane (der òg hovudstaden Tórshavn ligg). Eit detaljert kompromissframlegg, den såkalla «broyting», vart lagd fram i 1895, prenta i Føringatíðindi 2. januar 1896, og vedteken som rettesnor for Føringafelag. Men etter sterk normstrid på 1890-talet, var det fleire som tok avstand frå broyting-rettskrivinga, og utover på 1900-talet var det berre Jakob Jakobsen som nytta henne. Ei modifisert form av den hammershaimbske rettskrivinga vann fram.
Avstanden mellom tale og skrift i rettskrivinga er ikkje uproblematisk, og vert med jamne mellomrom diskutert. Til dømes er bokstaven «ð» ikkje knytt til noko fonem, men er stum. Og jamvel om bokstaven «m» svarar til den bilabiale nasale konsonanten, som han gjer på norsk, so svarar han i dativ-endinga -(in)um til den alveolare nasale konsonanten «n» på grunn av fonologisk assimilasjon.
Jólafundurin 1888
endre22. desember 1888 stod det fylgjande i Dimmalætting som på den tida var den einaste avisa på Færøyane:
- Ein og hvør bjóðast at koma í tinghúsið annan jóladag kl. 3 e.m., har. sum vit atla, at samráðast um at verja Førja mál og Førja siðir.
- («Kvar og ein vert bedne å koma til tinghuset andre joledag kl. 15, der me etlar å drøfta korleis færøysk mål og kultur kan verjast».)
Denne innbjodinga var underskriven av ni framståande færøyingar.
På dette møtet, som seinare er kalla «jólafundurin» (jolemøtet), var det eit ordskifte om kva som kunne gjerast for å styrkja færøysk mål og kultur. Seks punkt vart lagde fram:
- Færøysk mål skal verta opplæringsmål i skulen, så snart som nok skulebøker på færøysk er tilgjengelege
- I historieundervisinga skal det leggjast vekt på færøysk historie
- All utanåtlæring på dansk i kristendomsundervisinga skal bort, i staden skal dette gjerast på færøysk
- Prestar skal ha rett til å nytta færøysk mål i og utanfor kyrkja
- Færøysk bør nyttast i alle offentlege samanhengar
- Det skal arbeidast for å skipa ein eigen færøysk vidaregåande skule[2]
1889-1938
endreI 1889 vart det skipa eit Føringafelag på Færøyane, der mange av mennene attom Jólafundurin frå året før stod bak[3]. Dette laget gav m.a. ut den første færøyskspråklege avisa Føringatiđindi (1890-1901). Grunnleggjarane var verken embetsmenn eller bønder, men derimot representantar for den nye klassen av forretingsfolk som vart del av den framveksande marknadsøkonomien. I 1899 kom den første skolen på færøysk, Føroya Fólkaháskúli, inspirert av Grundtvig sine tankar og skolesystem.
Med danninga av politiske parti etter hundreårsskiftet vart språkspørsmålet sentralt: Sambandspartiet (som ville halde fram hopehavet med Danmark) var i mot å ta i bruk færøysk i offisielle samanhengar, mens Sjølvstyrepartiet var for. Sambandspartiet vann fram i denne første målstriden, og Lagtinget vedtok i 1912 at undervisninga i folkeskolen i det vesentlege skulle gå føre seg på dansk.
I 1918 fekk Sjølvstyrepartiet fleirtal i Lagtinget, og gjekk inn for å janstille færøysk med dansk i skolen. Den danske undervisningsministeren blokkerte likevel dette vedtaket, og det vart trass i jamlege færøyske vedtak ikkje godtatt av Danmark før i 1938. Frå og med 1938 var færøysk jamstilt med dansk i skolen.
1938-1948
endreUnder den 2. verdskrigen var Færøyane okkuperte av Storbritannia, og etter krigen var færingane ikkje viljuge til å gå attende til eit system der alle vedtak om færøyske tilhøve måtte bli godkjende i Danmark. I 1946 vart det halde ei folkerøysting som gav knapt fleirtal for lausriving. Danmark godtok ikkje resultatet og skreiv ut nyval, eit nyval Sambandspartiet vann. Resultatet vart Heimestyrelova av 1948, som gav Færøyane internt sjølvstyre, og dermed eit skoleverk med færøysk som «hovudspråk». Skiftet gjekk likevel sakte: Bibelen på færøysk kom først i 1960, Postverket gjekk over til færøysk i 1976, og den største avisa, Dimmalætting skifta språk frå (mest) dansk til færøysk på 1970-talet.
Fotnotar
endre- ↑ Jakobsen 1957:23f.
- ↑ ("Nú er tann stundin..." på Wikisource)
- ↑ Framstillinga her byggjer på Brunstad 1995:173ff.
Kjelder
endre- Brunstad, Endre 1995: Nasjonalisme som språkpolitisk ideologi. Om nynorsk, frisisk og færøysk målreising. : Noregs forskingsråd 1995 (ISBN 82-12-00527-5) 255 s. KULTs skriftserie(36)