Opna hovudmenyen

Fôrsukkerbete, ofte berre kalla fôrbete eller bete, er ein plantekultivar frå beteslekta danna av kryssing mellom fôrbete og sukkerbete. Det finst ei rekkje overgangsformar mellom varietetane i høve til storleik, farge, form, stoffinnhald og veksemåte. Fôrsukkerbetar blir typisk dyrka til fôr, til dømes til hest eller storfe.

Rotknollen til fôrsukkerbete er typisk halvlang med kvit kjøtfarge og gult eller raudleg skal. Tørrstoffprosenten til fôrsukkerbeten er lågare enn i sukkerbete, men høgare enn i vanleg fôrbete. Nokre stader, som i Damark, har dyrking av fôrsukkerbete meir eller mindre fortrengd dyrkinga av fôrbete.

Fôrbete er opphavsforma til sukkerbete, og dei to formene krysser seg lett til fôrsukkerbetetypar. Vitskaplege namn for fôrsukkerbeten er Beta vulgaris subsp. vulgaris (Altissima-gruppa, Semisaccharifera-undergruppar) eller Beta vulgaris var. altissima f. semisaccharifera

KjelderEndra