Sukkerbete
Sukkerbete eller sukkerroe er ein plante i beteslekta i amarantfamilien med høgt sukkerinnhald i rota som gjer at han kan brukast til å framstilla sukker. Sukkerbete er ein varietet av Beta vulgaris, som raudbete og mangold, og stammar frå strandbete.
Sukkerbete | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av sukkerbete | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Orden: | Nellikordenen Caryophyllales |
Familie: | Amarantfamilien Amaranthaceae |
Slekt: | Beteslekta Beta |
Seksjon: | Beta |
Art: | B. vulgaris |
Underart: | B. v. vulgaris |
Varietet: | Sukkerbete Beta vulgaris vulgaris Altissima Group |
Rota er kvit, kjegleforma og ofte greina. Ho sit djupt og fast i jorda, ettersom ho er danna mest av den eigentlege rota til plante og ikkje hovusakleg av stengeldelar, som hos andre varieteter. Rota til beten inneheld opptil 20 % sukker. Det høge sukkerinnhaldet blei først oppdaga i 1747. Den første sukkerroefabrikken kom i drift i Tyskland i 1802.
Sukkerbete blir særleg dyrka i Mellom-Europa, men også i Danmark og Sør-Sverige. I Noreg blei planten dyrka ein del under andre verdskrigen, men dyrkinga er ikkje lønsam i Noreg.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «Sukker» (18. desember 2012), Store norske leksikon. Henta 25. mars 2014.
- «Sukkerbete» (31. desember 2013), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 25. mars 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- Sugar beet - White sugar Arkivert 2015-09-05 ved Wayback Machine., agribusiness handbook (engelsk)