Fot

(Omdirigert frå Føtene)
Denne artikkelen handlar om lekamsdelen. For lengdeeininga, sjå eininga fot.

Ein fot er den nedste delen av kroppen og blir hovudsakleg brukt til å gå med.

Menneskeføter

Anatomi

endre

Menneska har ein lang, flat fot med fem tær og ein kjøtfull hæl. Mange andre dyr, som kattar og hundar, bruker gå berre på dei nedre ledda, medan hestar har hóvar utanpå berre det ytste leddet i foten.

Føter i kulturen

endre
 
Kvinne bøyer seg for å røra ved føtene til ein mann. Vestindisk måleri frå rundt 1530.

Føter er i kontakt med bakken, og blir derfor rekna som skitnare enn andre delar av kroppen. I ulike kulturar blir det derfor rekna som dårleg oppførsel å ha beina på bordet, å gå med sko innandørs, trø på papir, eller peika på nokon med tærne eller fotsolen.

Ein kan visa ærefrykt ved å medvita bryta slike reinleikstabu og ta på eller vaska føter. Innan nokre religionar er denne symbolikken særs viktig, mellom anna i forteljinga om Jesus som vaska føtene til følgjesveinane sine under den siste nattverda, som blir teken opp att i påskefeiringa fleire stader ved at prestar vaskar føtene til medlemmer av kyrkjelyden.[1] I India er det å røra ved føtene til nokon teikn på at ein ærer dei, og ein vanleg måte å helsa eldre slektningar og andre respekterte personar på fleire stader i landet.

Avleidde omgrep

endre

Fotnotar

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Fot
  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.