FA-cupfinalen i fotball 1983

FA-cupturneringa i fotball 1983 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 21. mai 1983, med 99 059 tilskodarar på tribunane. Då sluttstillinga etter 120 minuttars spel var 2-2, møttest finalelaga Brighton & Hove Albion og Manchester United til omkamp på same arenaen den 26. mai, ein kamp Manchester United vann med 4-0. 91 534 tilskodarar såg det avgjerande oppgjeret.

Lagoppstillingane i omkampen 26. mai, med Manchester United i raudt

KampaneEndra

Gordon Smith gav Brighton leiinga 1-0 i det 14. minutt av finalekampen den 21. Ti minuttar ut i 2. andre omgangen stod det 1-1 etter ei skåring av Frank Stapleton, 17 minuttar seinare sende Ray Wilkins Manchester United framom då han skrudde ballen i mål frå høgre i motsett hjørne. Midtstopparen Gary A. Stevens for Brighton utlikna i det 87. minutt. Ekstraomgangane vart mållause, Brighton hadde ein stor sjanse til å vinne i kampens siste sekundar.

Omkampen den 26. mai vann Manchester United med 4 mål mot 0. Bryan Robson skåra to mål før pause, Norman Whiteside eitt. I den andre omgangen la Arnold Mühren på til 4-0 med eit straffespark i den 62. minutt.

Manchester United sitt vinnarlag bestod av: Gary Bailey, Mike Duxbury, Kevin Moran, Gordon McQueen, Arthur Albiston, Arnold Mühren, Bryan Robson (kaptein), Ray Wilkins, Norman Whiteside, Frank Stapleton og Alan Davies.

I den avgjerande kampen bestod Brighton-mannskapet av: Graham Moseley, Steve Gatting, Gary A. Stevens, Steve Foster (kaptein), Graham Pearce, Neil Smillie, Tony Grealish, Jimmy Case, Gary Howlett, Michael Robinson og Gordon Smith

Alf Grey dømde begge finalekampane.

KjelderEndra