Ray Wilkins
Raymond Colin Wilkins (14. september 1956–4. april 2018) var ein britisk-engelsk fotballspelar. Midtbanespelaren var opphavleg Chelsea-spelar, men klubbsuksess opplevde han einast med Manchester United og skotske Rangers FC. Med det engelske landslaget var han to gongar med om å vinne den britiske landslagsmeisterskapen.
Ray Wilkins i 2008 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Raymond Colin Wilkins | ||
Fødselsdato | 14. september 1956 | ||
Fødestad | Hillingdon i England | ||
Dødsdato | 4. april 2018 (61 år) | ||
Dødsstad | St. George's Hospital i England | ||
Høgd | 173 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1973-1979 | Chelsea | 179 | (30) |
1979-1984 | Manchester United | 160 | (7) |
1984-1987 | Milan | 73 | (2) |
1987 | PSG | 13 | (0) |
1987-1989 | Rangers | 70 | (2) |
1989-1994 | QPR | 154 | (7) |
1994 | Crystal Palace | 7 | (0) |
1994-1996 | QPR | 21 | (0) |
1996 | Wycombe | 1 | (0) |
1996-1997 | Hibernian | 16 | (0) |
1997 | Millwall | 3 | (0) |
1997 | Leyton Orient | 3 | (0) |
Totalt | 694 | (48) | |
Landslag | |||
1976-1986 | England | 84 | (3) |
Trenar for | |||
1994-1996 | QPR | ||
1997-1998 | Fulham | ||
1998-2000 | Chelsea (assistenttrenar) | ||
2000-2002 | Watford (assistenttrenar) | ||
2003-2005 | Millwall (assistenttrenar) | ||
2004-2007 | England U-21 (assistenttrenar) | ||
2008-2009 | Chelsea (assistenttrenar) | ||
2009 | Chelsea (midlertidig) | ||
2009-2010 | Chelsea (assistenttrenar) | ||
2013-2014 | Fulham (assistenttrenar) | ||
2014-2015 | Jordan | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Klubbspel
endreWilkins fekk sin ligadebut med Chelsea FC i oktober 1973. Etter at klubben i 1975 rykte ned frå 1. divisjon, vart Wilkins, enno ikkje 19 år gammal, vald til kaptein av den nye lagsjefen. Wilkins leia laget til opprykk i 1977. Etter nytt nedrykk i 1979 vart han overført til Manchester United mot £825 000. Med United vann han FA-cupen 1983, der han i den fyrste finalekampen mot Brighton, som enda 2-2, skåra på eit langskot. Sommaren 1984 la AC Milan £1.5 millionar på bordet, og Wilkins tok turen til Italia. Etter eit par gode sesongar fekk han lite speletid i 1987, og bytta over til franske Paris Saint-Germain. Her gjekk han inn og ut av fyrsteellevaren, så i november same året signerte han for Rangers FC i Skottland. Den 23. oktober 1988 var han med då Rangers vann 3-2 mot Aberdeen FC i ligacupfinalen, medan han våren 1989 kunne ta del i feiringa av ein skotsk ligatriumf. Frå november 1989 til 1997 var han i fleire sesongar aktiv i Queens Park Rangers, og elles innom fem andre klubbar. I alt var Wilkins aktiv i 11 ulike fotballklubbar.
Landslagsspel
endreWilkins spelte 84 landskampar på Englands landslag frå debuten våren 1976 til avskjeden i november 1986. Både i mai 1978 og våren 1982 spelte han alle tre kampane då England vart britisk landslagsmeister. Han deltok både i Fotball-EM 1980 og i verdsmeisterskapane i 1982 og 1986. Under EM i fotball 1980 skåra han Englands mål i opningskampen mot Belgia, ein kamp som enda 1-1. Wilkins skåra berre tre mål på landslaget, Han var kaptein i 10 kampar.
Merittar
endre- Vinnar av FA-cupen: 1983 med Manchester United
- Skotsk ligacupvinnar: 1988 med Rangers FC
- Skotsk ligameister: 1989 Rangers FC
- Britisk meister: 1978 og 1982 for England
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ray Wilkins» frå Wikipedia på engelsk, den 25. februar 2019.