FA-cupfinalen i fotball 1986

FA-cupturneringa i fotball 1986 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 10. mai 1986, med om lag 98 000 tilskodarar til stades. Liverpool FC fekk tildelt klubbens tredje FA-trofe etter å ha vunne med 3–1 over byrival Everton FC.

Kampen

endre

Everton leia 1-0 ved pause etter ei skåring av Gary Lineker. Frå det 56 til 83. minutt netta Liverpool tre gongar, fyrst ved Ian Rush, deretter Craig Johnston og så atter Ian Rush.

Liverpool FC sitt vinnarlag: Bruce Grobbelaar, Steve Nicol, Mark Lawrenson, Alan Hansen (kaptein), Jim Beglin, Craig Johnston, Jan Mølby, Kevin MacDonald, Ronnie Whelan, Kenny Dalglish og Ian Rush.

Everton mønstra: Bobby Mimms, Gary M. Stevens, Kevin Ratcliffe (kaptein), Derek Mountfield, Pat Van Den Hauwe, Trevor Steven, Peter Reid, Paul Bracewell, Kevin Sheedy, Gary Lineker og Graeme Sharp. Adrian Heath spelte siste 20 minutta i staden for Stevens.

Dommaren heitte Alan Robinson.

Kjelder

endre