Kevin Sheedy

irsk fotballspelar

Kevin Mark Sheedy (fødd 21. oktober 1959) er ein irsk tidlegare fotballspelar frå Builth Wells i Wales som hadde stor suksess med Everton FC i 1980-åra.

Kevin Sheedy
Personleg informasjon
Fullt namn Kevin Mark Sheedy
Fødselsdato 21. oktober 1959 (64 år)
Fødestad Builth Wells i Wales
Høgd 175 cm
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1975-1978 Hereford United 51 (4)
1978-1982 Liverpool 3 (0)
1982-1992 Everton 274 (84)
1992-1993 Newcastle 37 (4)
1993-1994 Blackpool FC 26 (1)
Totalt 391 (76)
Landslag
1984-1993 Irland 46 (9)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Karriere endre

Klubbspel endre

Midtbanespelaren Sheedy fekk sin ligadebut med 4. divisjonslaget Hereford United våren 1976. Vel to år seinare vart han overført til Liverpool FC, der han ikkje lukkast å spele seg inn på laget. Vinteren 1982 flytta han over til byrivalen Everton FC, mot 100 000 pund. I mai 1984 vann han sitt fyrste trofe med klubben då det vart siger 2-0 over Watford FC i FA-cupfinalen, ein kamp Sheedy mista grunna skade. Sesongen etter var Everton heile suverene i kampen om ligameisterskapen, slo toaren Liverpool FC med heile 13 poeng. Everton tok seg også til finalen i cupvinnarcupen, der Sheedy den 15. mai i Rotterdam fastsette sluttresultatet til 3-1 mot Rapid Wien. Sesongen 1986/87 tok Everton FC ein ny ligatittel framom byrival Liverpool FC, då med 9 poengs skilnad. Etter ytterlegare fem sesongar i Everton melde Sheedy i 1992 overgang til Newcastle United, ein klubb han hjelpte til opprykk i 1993. Han var så profesjonell på nivå 3 for Blackpool i 1993/94 før han gav seg med aktiv fotball.

Landslagsspel endre

I tida oktober 1983 til februar 1993 deltok Sheedy i 46 landskampar for Irland. Under europameisterskapen 1988 i Vest-Tyskland fekk han speletid i alle dei tre kampane til det irske laget. To år seinare var han med i alle Irlands fem kampar ved VM i fotball 1990, ein meisterskap der han vart historisk då han i landets aller fyrste VM-kamp utlikna til 1-1 mot England. Irland rauk elles ut i kvartfinalen mot arrangørlandet Italia etter tap 0-1. Sheedy skåra ni landslagsmål.

Merittar endre

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1985 med Everton FC
  • Engelsk ligameister: 1985 og 1987 med Everton FC
  • Engelsk cupmeister: 1984 med Everton FC

Kjelder endre