FA-cupfinalen i fotball 1989

FA-cupturneringa i fotball 1989 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 20. mai 1989, med om lag 82 800 tilskodarar til stades. Liverpool FC vann FA-pokalen for fjerde gong, etter siger 3–2 over byrival Everton FC gjennom ekstraomgangar.

KampenEndra

John Aldridge gav Liverpool leiinga i det 4. minutt. Etter ein heller sjansefattig kamp, makta innbytaren Stuart McCall i sluttsekunda av ordinær tid å sikre Everton ein ny sjanse til triumf. Liverpool-innbytaren Ian Rush sende laget sitt framom i det 95. minutt. McCall syrgde atter for balanse i stillinga i det 102 minutt, men allereie to minutt seinare vart Rush matchvinnar for Liverpool.

Liverpool FC sitt vinnarlag: Bruce Grobbelaar, Steve Staunton, Gary Ablett, Alan Hansen (kaptein), Steve Nicol, Ray Houghton, Ronnie Whelan, Steve McMahon, John Barnes, Peter Beardsley og John Aldridge. Ian Rush kom inn for Aldridge i det 73. minutt og Barry Venison spelte ekstraomgangane i staden for Staunton.

Everton mønstra Neville Southall, Neil McDonald, Kevin Ratcliffe (kaptein), Dave Watson, Pat Van Den Hauwe, Pat Nevin, Trevor Steven, Paul Bracewell, Kevin Sheedy, Graeme Sharp og Tony Cottee. I andre omgang vart Bracewell og Sheedy bytta ut, inn kom Stuart McCall etter 58 minutt og Ian Wilson etter 77 minutt.

Dommaren heitte Joe Warrall.

KjelderEndra