FA-cupfinalen i fotball 1997

FA-cupfinalen i fotball 1997 fann stad på Wembley stadion i London 17. mai 1997, med 79 160 tilskodarar på tribunane. Chelsea FC frå London vann FA-pokalen etter å ha slått Middlesbrough FC med 2–0.

Kampen endre

Lagoppstillingane med Chelse i blått

I kampens fyrste minutt tok Roberto Di Matteo med seg ballen frå eigen banehalvdel. Upressa førte han ballen til 25 meters hald, der han fyrte av eit langskot som via tverrliggar gjekk i mål. Knappe ti minutt før full tid avgjorde Eddie Newton ein tam kamp då han frå kort hald skaut i mål via ein Middlesbrough-forsvarar.

Chelsea FC stilte med: Frode Grodås, Dan Petrescu, Steve Clarke, Frank Lebœuf, Frank Sinclair, Scott Minto, Dennis Wise (kaptein), Roberto Di Matteo, Eddie Newton, Mark Hughes og Gianfranco Zola. I sluttminutta fekk Gianluca Vialli plassen til Zola.

Middlesbrough FC sine utvalde var Ben Roberts, Curtis Fleming, Nigel Pearson (kaptein), Gianluca Festa, Clayton Blackmore, Juninho Paulista, Robbie Mustoe, Emerson Costa, Phil Stamp, Fabrizio Ravanelli, Craig Hignett. Midtvegs i fyrste omgang vart Ravanelli og deretter Mustoe skadde, erstattarane var Mikkel Beck og Steve Vickers. Vladimir Kinder tok Hignetts plass i det 74. minutt.

Stephen Lodge var dommar.

Kjelder endre