Opna hovudmenyen

Frank Lebœuf

fransk fotballspelar

Frank Alain James Lebœuf (fødd 22. januar 1968) er ein fransk tidlegare fotballspelar frå Marseille, som vart verdsmeister under fotball-VM 1998 og europameister i 2000.

Frank Lebœuf
Frank Leboeuf.jpeg
Frank Leboeuf i 2011
Personleg informasjon
Fullt namn Frank Alain James Lebœuf
Fødselsdato 22. januar 1968 (51 år)
Fødestad Marseille i Frankrike
Høgd 1,85 m
Posisjon Forsvar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1988-1991 Laval 69 (11)
1991-1996 Strasbourg 189 (48)
1996-2001 Chelsea 144 (17)
2001-2003 Marseille 51 (5)
2003-2004 Al-Sadd 17 (6)
2004-2005 Al-Wakrah 10 (2)
Totalt 480 (89)
Landslag
1995-2002 Frankrike 50 (4)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Lebœuf fekk si fyrste proff-kontrakt med Stade Lavollois i 1988. Vinteren 1991 vart han overført til RC Strasbourg, ein konkurrent i 2. divisjon. Frå hausten 1992 deltok klubben i 1. divisjon, som i 1995 nådde cupfinalen, der vart tap 0-1 mot Paris Saint-Germain. Sommaren 1996 gjekk ferda til England og fem års spel for Chelsea FC. Med London-klubben vann han FA-cupen to gongar, UEFA-cupen 1998 og den engelske ligacupen same året. Etter to år, 2001-03, i Olympique Marseille avslutta han 2003-05 med spel i Qatar. Han vart kjend som ein dyktig frispark- og straffeskytar.

Lebœuf debuterte på det franske fotballandslaget 22. juli 1995. Då var han innbytar i kampen mellom Noreg og Frankrike på Ullevaal stadion i Oslo, eit mållaust oppgjer framfor 12 030 tilskodarar. Han var med i troppane til fotball-EM 1996 og 2000, og verdsmeisterskapane 1998 og 2002. I alle desse fire meisterskapane sat han stort sett på reservebenken. Også under VM i fotball 1998 på fransk grunn var han for det meste innbytar, men fekk spele finalen då Laurent Blanc måtte stå over kampen. Han spelte sin 50. landskamp då Frankrike og Uruguay spelte 0-0 under VM i fotball 2002. Han skåra fire landslagsmål.

MerittarEndra

  • Verdsmeister 1998 med Frankrike
  • Europameister 2000 med Frankrike
  • Finalist i den franske cupen: 1995 med RC Strasbourg
  • Vinnar av FA-cupen: 1997 og 2000 med Chelsea FC
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1998 med Chelsea FC
  • Vinnar av den engelske ligacupen: 1998 med Chelsea FC
  • Seriemeister i Qatar: 2004 med Al-Sadd

KjelderEndra