Fagerstrand er ein tettstad heilt sør i Nesodden kommune i Akershus, på vestsida av Nesoddlandet, ned mot Oslofjorden. Staden har 2 932 innbyggjarar per 1. januar 2023. Det er vel 16 kilometers køyring nordover frå Fagerstrand til Nesoddtangen.

Fagerstrand
tettstad
Land  Noreg
Fylke Akershus
Kommune Nesodden
Areal 1,86 km²
Folketal 2 932  (2023)
Folketettleik 1 576 / km²
Postnummer 1454 FAGERSTRAND
Preposisjon Fagerstrand
Kart
Fagerstrand
59°44′15″N 10°35′39″E / 59.73746°N 10.59404°E / 59.73746; 10.59404
Wikimedia Commons: Fagerstrand
Tankanlegget på Fagerstrand fotografert i 2013

På Fagerstrand ligg Bakkeløkka ungdomsskole og barneskulen Myklerud skole.

Norsk Brændselolje, som var skipa som aksjeselskap i Oslo i mai 1920, hadde frå 1922 hovudtankanlegget sitt på Fagerstrand. Frå dette tankanlegget vart det selt bensin, fyringsolje (brenselolje), dieselolje og solarolje. Etter andre verdenskrigen vart Norsk Brændselolje A/S distributør av produkta til British Petroleum (BP) i Noreg, som i samband med dette overtok femti prosent av aksjane i Norsk Brændselolje A/S. Heile selskapet vart i 1976 overteke av Statoil, som omorganiserte det. Oljelageret på Fagerstrand og den tilhøyrande smøreoljefabrikken er framleis i drift.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre