Nesodden

(Omdirigert frå Nesoddlandet)

Nesodden eller Nesoddlandet er ei kileforma halvøy frå fastlandet i sør mot nord, avgrensa av Indre Oslofjord på vestsida, og på austsida av Bunnefjorden, den sørgåande armen ut frå Indre Oslofjord i nord. Øyane Steilene og Ildjernet ligg på vestsida av halvøya, og Langøyene og Skjærholmene ligg i Bunnefjorden nordaust for halvøya. Så godt som heile halvøya og øyane Steilene, Ildjernet, Langøyene og Skjærholmen høyrer til Nesodden kommune.

Halvøya stig bratt opp frå sjøen på både sidene. Særleg bratt er det på vestsida, langs forkastinga mot Indre Oslofjord. Berggrunnen er gneis som inngår i det søraustnorske grunnfjellområdet. Men øyane Steilene, Ildjernet, Langøyene og Skjærholmene er delar av eit innsynkingsområde med kambrosilurisk kalkstein og skifer som høyrer til Oslofeltet.

Inne på halvøya er terrenget småkupert. Her er jordbruksland, myrlendte søkk og åsar med skog, med Toåsen på 220 meter over havet som den høgaste. Det er eit stort innslag av lauvtre på Nesodden, særleg eik, og på Eikheim er eiketre freda som botanisk naturminne.

Namnet endre

Namnet Nesodden kjem av norrønt Nesoddi, som er samansett av dei to orda nes og oddi, der oddi tyder «landtunge, smalt nes». Kan hende denne samansetninga av to synonym med litt ulike valørar, nes og smalt nes, sikter til at Nesodden smalnar gradvis mot nord, der spissen har fått namnet Nesoddtangen, som er ei rad av tre synonym med litt ulike valørar?

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre