Opna hovudmenyen
Fallen Angels
Studioalbum av Bob Dylan
Utgjeve 20. mai 2016
Innspelt Februar 2015 til mars 2016
Studio Capitol Studios i Los Angeles i USA
Sjanger Tradisjonell pop
Lengd 37:50
Selskap Columbia
Produsent Jack Frost
Bob Dylan-kronologi
The Bootleg Series Vol. 12: The Cutting Edge 1965–1966
(2015)
Fallen Angels The 1966 Live Recordings
(2016)


Singlar frå Fallen Angels
  1. «Melancholy Mood»
    Utgjeve: 7. april 2016

Fallen Angels er det 37. studioalbumet til Bob Dylan, utgjeve på Columbia Records den 20. mai 2016.[1]

Albumet består av coverversjonar av tolv klassiske amerikanske songar valt ut av Dylan frå ei rekkje låtskrivarar som Johnny Mercer, Harold Arlen, Sammy Cahn og Carolyn Leigh.[1] Som det førre albumet, Shadows in the Night, vart alle songane på albumet, utanom «Skylark», ein gong spelt inn av Frank Sinatra.[2]

Albumet fekk generelt god kritikk av kritikarane, særleg synginga til Dylan, produksjonskvaliteten og arrangementa til bandet.[3] Fallen Angels vart nominert til Grammyprisen for beste tradisjonelle popvokalalbum i februar 2017.[4]

InnspelingEndra

Fallen Angels vart spelt inn i 2015 i Capitol Studios i Hollywood, med turnébandet sitt.[1]

UtgjevingEndra

Fallen Angels kom ut på Columbia Records den 20. mai 2016.

Før albumet kom ut, den 7. april 2016, vart songen «Melancholy Mood» lagt ut på iTunes[1] og via strøyming på YouTube. Den 28. april 2016, dagen då Dylan fullførte ein turné i Japan, kom eit anna spor frå albumet ut, «All the Way», på iTunes og YouTube.

For å marknadsføre albumet gav Dylan ut ein 7" EP den 16. april 2016 kalla Melancholy Mood, avgrensa til 7000 eksemplar.[5]

MottakingEndra

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic77/100[3]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [7]
The A.V. ClubB+[8]
Entertainment WeeklyB+[9]
FLOOD Magazine5/10[10]
The Independent     [11]
NOW     [12]
Paste8.5/10[13]
Pitchfork Media6.4/10 [14]
PopMatters          [15]
The Telegraph     [16]

Fallen Angels fekk generelt god kritikk frå kritikarane. På Metacritic, som gjev ei normalisert rating opp til 100 basert på andre meldingar, har albumet ein score på 77, basert på 21 meldingar.[3]

Særleg la kritikarane vekt på arrangementa til bandet, produksjonen og røysta til Dylan. Andy Gill i The Independent skreiv «den rolege klimpringa og fyldige pedalsteelgitaren til bandet hans legg ei folkeleg countrystemning over den elegante og verdsmatte smørsongarvokalen til Dylan.».[11] Helen Brown skreiv for The Daily Telegraph og hylla òg vokalen til Dylan på albumet, og sa: «Sjølv om somme alltid har hevda at Dylan 'ikkje kan syngje', er sanninga at på same måte som Sinatra, har han alltid hatt ein slåande hang til å få teksten gjennom. No eig han klassiske linjer av låtskrivarar som Johnny Mercer lett som berre det.»[16]

Stephen Thomas Erlewine i AllMusic skreiv: «Desse kloke og snedige tolkingane understrekar det ultimate målet til Dylan med desse Sinatra-platene, som er på smart vis å knyte saman ulike trådar av amerikansk musikk, bringe Tin Pan Alley til pubane og ta urskogen inn i byen. Resultata er underdrivne, men likevel usedvanlege. Eit særeige, romantisk syn på Amerika på 1900-talet.»[7]

Chris Gerard, skreiv for PopMatters, og meinte at albumet ikkje heilt klarte å leve opp til standarden Dylan sette med det førre Great American Songbook-prosjektet, Shadows in the Night, men var elles positiv: «Det er ikkje på same nivå som Shadows in the Night, som er mørkare, meir kjenslemessig intenst og alt i alt ei meir potent oppleving. Stundom kjennest Fallen Angels meir ut som ein lettvektar. Det er likevel ei rørande hyllest til lidenskapen Dylan framleis har for musikk, kjærleiken hans til å framføre og feiringa av forbanna gode songar.»[15]

InnhaldEndra

MedverkandeEndra

  • Bob Dylan – vokal

Andre medverkande

Produksjon og teknisk

  • Al Schmitt – miksing og lydteknikar
  • Steve Genewick – assisterande lydteknikar
  • James Harper – blåsearrangement/dirigent
  • Greg Calbi – mastering
  • Geoff Gans – plateomslag

SalslisterEndra

VekeslisterEndra

Liste (2016) Plassering
Australske album (ARIA)[17] 11
Austerrikske album (Ö3 Austria)[18] 1
Belgiske album (Ultratop Flandern)[19] 3
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[20] 24
Kanadiske album (Billboard)[21] 24
Tsjekkiske album (CNS IFPI)[22] 2
Danske album (Hitlisten)[23] 19
Nederlandske album (MegaCharts)[24] 7
Finske album (Suomen virallinen lista)[25] 14
Franske album (SNEP)[26] 35
Tyske album (Offizielle Top 100)[27] 7
Greske album (IFPI)[28] 12
Irske album (IRMA)[29] 5
Italienske album (FIMI)[30] 14
Italienske vinylplater (FIMI)[31] 2
New Zealand Albums (RMNZ)[32] 11
Norske album (VG-lista)[33] 8
Polske album (ZPAV)[34] 22
Svenske album (Sverigetopplistan)[35] 5
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[36] 4
Britiske album (OCC)[37] 5
US Billboard 200[38] 7

ÅrslisterEndra

Liste (2016) Plassering
Belgiske album (Ultratop Flandern)[39] 91

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 ««Fallen Angels» to be Released May 20». Bob Dylan. Henta 22. desember 2018. 
  2. «Bob Dylan Details New Album Fallen Angels, Shares «Melancholy Mood»». Pitchfork Media. 7. april 2016. Henta 22. desember 2018. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Fallen Angels Reviews». Metacritic.com. Henta 22. desember 2018. 
  4. Unterberger, Andrew (6. desember 2016). «Here Is the Complete List of Nominees for the 2017 Grammys». Billboard. Henta 22. desember 2018. 
  5. «PromotionalItem». Record Store Day. 16. april 2016. Henta 22. desember 2018. 
  6. «Bob Dylan: Fallen Angels». AnyDecentMusic?. anydecentmusic.com. Henta 22. desember 2018. 
  7. 7,0 7,1 «Bob Dylan, Fallen Angels review». AllMusic. Henta 22. desember 2018. 
  8. «Dylan wows again with a second standards album». The A.V. Club. Henta 22. desember 2018. 
  9. «Bob Dylan's Fallen Angels: EW Review». Entertainment Weekly. Henta 22. desember 2018. 
  10. «Bob Dylan, «Fallen Angels»». Flood magazine. Henta 22. desember 2018. 
  11. 11,0 11,1 «Bob Dylan, Fallen Angels review: The singer's oft criticised vokal shine here». The Independent. Henta 22. desember 2018. 
  12. «Fallen Angels». Nowtoronto.com. Henta 22. desember 2018. 
  13. «Bob Dylan: Fallen Angels Review». Paste. Henta 22. desember 2018. 
  14. Winston Cook-Wilson (23. mai 2016). «Bob Dylan: Fallen Angels Album Review». Pitchfork. Henta 22. desember 2018. 
  15. 15,0 15,1 «Bob Dylan – Fallen Angels». PopMatters. Henta 22. desember 2018. 
  16. 16,0 16,1 «Bob Dylan, Fallen Angels, review -'inhabiting classics with weathered ease'». The Telegraph. Henta 22. desember 2018. 
  17. "Bob Dylan – Fallen Angels". Australiancharts.com. Hung Medien. Henta 22. desember 2018.
  18. "Bob Dylan - Fallen Angels" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 22. desember 2018.
  19. "Bob Dylan – Fallen Angels" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 22. desember 2018.
  20. "Bob Dylan – Fallen Angels" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 22. desember 2018.
  21. "Bob Dylan Album & Song Chart History" Billboard Canadian Albums Chart for Bob Dylan. Prometheus Global Media. Henta 22. desember 2018.
  22. "Top 50 Prodejní". Tsjekkiske album. CNS IFPI. Note: On the chart page, select {{{date}}} on the field besides the word "Zobrazit", and then click over the word to retrieve the correct chart data. Henta 22. desember 2018.
  23. «Hitlisten.NU – Danmarks officielle hitlister». Sporlisteen. Henta 22. desember 2018. 
  24. "Bob Dylan – Fallen Angels". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 22. desember 2018.
  25. "Bob Dylan: Fallen Angels" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 22. desember 2018.
  26. "Bob Dylan – Fallen Angels". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 22. desember 2018.
  27. "Offiziellecharts.de – Bob Dylan – Fallen Angels" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 22. desember 2018.
  28. «Top-75 Albums Sales Chart». IFPI Greece. 13. juni 2016. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 13. juni 2016. 
  29. "GFK Chart-Track". Chart-Track.co.uk. GFK Chart-Track. IRMA. Henta 22. desember 2018.
  30. «Album – Classifica settimanale WK 21 (dal 22. desember 2018 al 2016-05-26)» (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. Henta 22. desember 2018. 
  31. «Vinili – Classifica settimanale WK 21 (dal 22. desember 2018 al 2016-05-26)» (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. Henta 22. desember 2018. 
  32. «NZ Top 40 Albums Chart». Recorded Music NZ. 30. mai 2016. Henta 22. desember 2018. 
  33. "Bob Dylan – Fallen Angels". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 22. desember 2018.
  34. "Oficjalna lista sprzedazy :: OLIS - Official Retail Sales Chart" (på polsk). OLiS. Polish Society of the Phonographic Industry. Henta 22. desember 2018.
  35. "Bob Dylan – Fallen Angels". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 22. desember 2018.
  36. "Bob Dylan – Fallen Angels". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 22. desember 2018.
  37. "2016-05-27 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 22. desember 2018.
  38. «Drake's 'Views' Still No. 1 on Billboard 200, Ariana Grande and Blake Shelton Debut at Nos. 2 & 3». Billboard. Henta 30. mai 2016. 
  39. «Jaaroverzichten 2016 Albums». Hung Medien. Henta 22. desember 2018.