Come Rain or Come Shine

«Come Rain or Come Shine» er ein popsong skriven av Harold Arlen med tekst av Johnny Mercer. Songen vart skriven for musikalen St. Louis Woman, og vart publisert i 1946.

Harold Arlen 17. mai 1960

Innspelingar vart gjort i 1946 av Sy Oliver (med Tommy Dorsey Orchestra), Dinah Shore, Helen Forrest og Dick Haymes, og Margaret Whiting. Sjølv om songen ikkje nådde nokre av salslistene i denne perioden, vart han ein standardsong.

Sy Oliver/Tommy Dorsey-vrsjonen vart spelt inn 31. januar 1946. Innspelinga vart gjeven ut av RCA Victor Records som katalognummer 20-1819. Dinah Shore-versjonen vart spelt inn 18. mars 1946 og gjeven ut på Columbia Records som katalognummer 36971. Helen Forrest/Dick Haymes-versjonen vart spelt inn 14. april 1946 og gjeven ut på Decca Records med katalognummer 23548. Margaret Whiting-versjonen vart spelt inn 17. februar 1946 og gjeven ut på Capitol Records med katalognummer 247.

Ein versjon av Dinah Shore vart send på radioprogrammet Birds Eye Open House den 16. mai 1946.

Innspelingar etter 1946 endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre