Falling in Love Again (Can't Help It)

Falling in Love Again
Singel av Kevin Ayers
frå albumet Yes We Have No Mañanas (So Get Your Mañanas Today)
B-side

«Everyone Knows the Song»

Språk engelsk
Utgjeve Februar 1976
Sjanger Rock
Selskap Island WIP6271 & Harvest
Komponist Friedrich Hollaender
Tekstforfattar Friedrich Hollaender
Produsent Muff Winwood
Kevin Ayers-kronologi 
Falling in Love Again «Star»
(1977)


«Falling in Love Again (Can't Help It)» er det engelske namnet på ein tysk song frå 1930, komponert av Friedrich Hollaender som Ich bin von Kopf bis Fuß auf Liebe eingestellt. Songen vart opphavleg framført i filmen Der Blaue Engel av Marlene Dietrich, som òg spelte den mest kjende engelske versjonen av songen. Den engelske teksten var skriven av Sammy Lerner, men er på ingen måte ein direkte omsetjing av originalen.

Andre versjonar endre

The Beatles-versjonen endre

«Falling in Love Again» vart spelt på konsert av The Beatles i 1962 då dei heldt til i Hamburg. Den einaste innspelinga finst på albumet The Beatles, Live at the Star Club, in Hamburg, 1962, med Paul McCartney på solovokal. The Beatles hadde oppdatert melodien til rock-'n'-roll-stil med endringar i teksten.

Kevin Ayers-versjonen endre

«Falling in Love Again» var den siste utgjevinga til Kevin AyersIsland Records, gjeven ut som singel. B-sida «Everyone Knows the Song», var skriven av Ayers. Etter han gav ut denne singelen signerte Ayers til Harvest Records og begge songane kom ut på albumet Yes We Have No Mañanas (So Get Your Mañanas Today) frå 1976.

Andre versjonar endre

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Comedian Harmonists (på tysk som «Wir sind von Kopf bis Fuß auf Liebe eingestellt», kring 1930); Zarah Leander (1931, på svensk); Billie Holiday (1940); Doris Day (1961); Sammy Davis, Jr. (1962); The Beatles (1962, på The Star Club, finst på albumet First Live Recordings); Nina Simone (1966); Claudine Longet (1968); The Techno Twins (1981); Klaus Nomi (1982); William S. Burroughs (1990, på tysk); Marienne Faithfull (1997); Bryan Ferry (1999); The Puppini Sisters (2006); Michael Lutzeier (2008) og Theo Bleckmann (2008).

Madonna song eit par linjer av songen under The Girlie Show Tour i 1993. Han vart òg sungen av Lieutenant Gruber i ein episode av situasjonskomedien 'Allo 'Allo!.

Linda Ronstadt spelte inn songen med Nelson Riddle for albumet Lush Life (1984)

Kjelder endre