Lush Life av Linda Ronstadt
Lush Life Studioalbum av Linda Ronstadt | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | November 1984 | |
Innspelt | 24. august til 5. oktober 1984 | |
Studio | The Complex i Los Angeles i California | |
Sjanger | ||
Lengd | 41:29 | |
Selskap | Asylum | |
Produsent | Peter Asher | |
Linda Ronstadt-kronologi | ||
---|---|---|
What's New (1983) |
Lush Life | For Sentimental Reasons (1986)
|
Singlar frå Lush Life | ||
|
Lush Life er det trettande studioalbumet til den amerikanske songaren Linda Ronstadt, gjeve ut i seint i 1984. Det var det andre i ein trilogi av album med jazz- og popstandardar i lag med bandleiaren og arrangøren Nelson Riddle.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | link |
Rolling Stone | link |
Albumet nådde 13. plassen på albumlista til Billboard og selde til platinaplate etter berre nokre veker for eit sal på over ein million eksemplar i USA. Det var det tiande millionseljande albumet til Ronstadt totalt. Det klatra til tredjeplassen på jazzalbumlista og Ronstadt vart nominert til Grammyprisen for beste kvinnelege popsong. I tillegg vart albumet nominert for beste plateomslag.
Nelson Riddle fekk posthumt Grammyprisen for beste instrumentale arrangement for akkompagnement av vokal for tittelsporet, «Lush Life». For å marknadsføre albumet vart det laga ein musikkvideo til songen «Skylark».
Alle songane kom ut på samleplata 'Round Midnight på Asylum Records i 1986.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «When I Fall in Love» | Edward Heyman, Victor Young | 2:20 |
2. | «Skylark» | Hoagy Carmichael, Johnny Mercer | 3:07 |
3. | «It Never Entered My Mind» | Lorenz Hart, Richard Rodgers | 4:22 |
4. | «Mean to Me» | Fred E. Ahlert, Roy Turk | 4:09 |
5. | «When Your Lover Has Gone» | Einar Aaron Swan | 4:18 |
6. | «I'm a Fool to Want You» | Joel Herron, Frank Sinatra, Jack Wolf | 4:45 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «You Took Advantage of Me» | Lorenz Hart, Richard Rodgers | 2:21 |
8. | «Sophisticated Lady» | Duke Ellington, Irving Mills, Mitchell Parish | 3:40 |
9. | «Can't We Be Friends?» | Paul James, Kay Swift | 2:28 |
10. | «My Old Flame» | Sam Coslow, Arthur Johnston | 3:33 |
11. | «Falling in Love Again» | Friedrich Hollaender, Sammy Lerner | 2:35 |
12. | «Lush Life» | Billy Strayhorn | 3:51 |
Total lengd: | 41:29 |
Salslister
endreListe (1984/85) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[1] | 31 |
Canada RPM Top Albums | 35 |
Storbritannia (Official Charts Company) | 100 |
USA (Billboard 200) | 13 |
Medverkande
endre- Linda Ronstadt – vokal
- Nelson Riddle – arrangement og dirigent
- Don Grolnick – piano, pianosolo (11)
- Bob Mann – gitar
- Bob Magnusson – bass
- John Guerin – trommer (1-6, 8, 10, 11, 12)
- David Frisina – konsertmeister, fiolin (5)
med:
- Tommy Morgan – munnspel (2)
- Tony Terran – trompet (4)
- Plas Johnson – tenorsaksofonsolo (5, 7, 8)
- Louis Bellson – trommer (7, 9)
- Oscar Brashear – trompetsolo (9)
- Chauncey Welsh – trombonesolo (10)
Teknisk
- Peter Asher – produsent
- George Massenburg – innspeling, miksing
- Murray Dvorkin – innspelingsassistent, mikseassistent
- Doug Sax – mastering i The Mastering Lab (Hollywood i California).
- Gloria Boyce – albumkoordinator
- John Kosh – kunstnarisk leiar, design
- Ron Larson – kunstnarisk leiar, design
- Robert Blakeman – fotografi
- Genny Schorr – stylist
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lush Life (Linda Ronstadt album)» frå Wikipedia på engelsk, den 7. desember 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 258. ISBN 0-646-11917-6.