Fallselva
Fallselva er ei elv i Søndre Land i Innlandet. Ho renn frå innsjøen Trevatna (384 moh.) vestover ut i Randsfjorden (135 moh.). Elva renn først roleg dei første kilometrane, men fell så bratt gjennom fossar og stryk ned mot Randsfjorden. I Skrankefossen ligg Skrankefoss kraftverk, drevet av VOKKS. Fallselva vart nytta til tømmerfløyting frå tidleg på 1800-talet, fram til tømmeret vart ført over på ei tømmerrenne frå 1901. Ho har òg drive ein del industrianlegg. Det finst aure i elva. Forøvrig finst det òg ferskvassmusling i elva og på grunn av denne må det førast en minimumsvassføring i elva.
Denne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.