Søndre Land kommune

kommune i Innlandet fylke i Noreg
(Omdirigert frå Søndre Land)

Søndre Land er ein kommune i Innlandet fylke. Han grensar i nord til Nordre Land kommune, i nordaust til Gjøvik kommune, i aust til Vestre Toten kommune, i sør til Gran kommune, i sørvest til Ringerike kommune og i vest til Sør-Aurdal kommune. Kommunen høyrer til landskapet Land.

Søndre Land kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Adm.senter Hov
Areal 728 km²
 - land 660 km²
 - vatn 68 km²
Folketal 5 587  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Anne Hagenborg[1] (Ap)
Kommunenr. 3447
Kart
Søndre Land kommune
60°40′37″N 10°16′44″E / 60.676944444444°N 10.278888888889°E / 60.676944444444; 10.278888888889
Wikimedia Commons: Søndre Land
Nettstad: www.sondre.land.kommune.no

Personar som kjem frå Søndre Land kommune blir kalla for søndrelending.

Geografi endre

Søndre Land omfattar områda på aust- og vestsida av den nordre delen av Randsfjorden, som ligg 134 moh. Vest for fjorden stig landet raskt til 500 moh., og utgjer eit skogkledd åslandskap som berre heilt i nordvest når over 800 moh. På austsida av fjorden er det eit veldyrka bakkeland som sakte hever seg til 500–600 moh. på grensa mot Gjøvik og Vestre Toten. Bakkelandet i nord er smalare.

Det meste av busetnaden er samla langs austsida av fjorden, med tettstaden og administrasjonssenteret Hov. Lengst i nord er det også atskilleg busetnad i større høgde lenger frå fjorden, kalla Landåsbygda. Langs vestsida av fjorden er busetnaden meir sparsam. Folketalet var i ein viss vekst fram til 1945, og heldt seg relativt stabilt fram til rundt 1990. Deretter har det vist ein liten nedgang, i tiårsperioden 1996–2006.

Samferdsel endre

Den austlege delen av kommunen har gode vegsamband; fylkesveg 34 går langs austsida av Randsfjorden fram til Svingvoll der vegen fører inn på fylkesveg 33 vidare nordvestover til Dokka og Fagernes. Fylkesveg 33 går austover til Gjøvik. Også langs vestsida av Randsfjorden går det veg (fylkesveg 245), og det aller meste av busetnaden her er samla langs denne vegen. Det går bru over Randsfjorden ved Fluberg. Bilferja Horn-Tangen er den einaste norske ferja på innsjø.

Bilete endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre