Sjå òg fantasi

Fantasi er eit omgrep i den seriøse musikken for eit musikkstykke i fri form, anten som ein leik over eit kjent tema eller spelt som ein improvisasjon utan førebuing eller notar. Å fantasere vart særleg tidlegare brukt om å improvisere.

Brahms-fantasi av Max Klinger ca. 1894.

Særleg i barokken vart fantasiar nytta om frie musikkstykke på linje med preludium og toccata. Fantasiane kunne innehalde både ein og to fuger.

Døme på fantasiar endre

  • Johann Sebastian Bach: Fantasi og fuge i g-moll
  • Johann Sebastian Bach: Fantasi c-moll
  • Max Reger: Fantasi over koralen «Wachet auf» op.52:2
  • Max Reger: Fantasi og fuge i d-moll, op.135B

Kjelder endre