Toccata, italiensk toccare («slå» eller «røre») er eit virtuost musikkstykke, vanlegvis for klaviatur- eller strengeinstrument, i sjeldnare tilfelle for musikk med fleire instrument - eit døme er opninga av Claudio Monteverdi sin opera L'Orfeo. Toccataer har ofte ein fri musikalsk struktur og med karakter av å vere ein utskriven improvisasjon.

Historie endre

Renessansen endre

Toccata er ein av dei eldste omgrepa for instrumentale musikkstykke og var opphavleg ikkje mykje forskjellig frå sonate, fantasia, ricercar osv.

Musikkforma oppstod i seinrenessansen. Dei eldste toccataene ein kjenner vart publisert av Claudio Merulo i 1598, men vart truleg skriven mykje tidlegare. Som regel byrjar dei med fulle harmoniar som meir og meir går over i raske passasjer med små fugale avsnitt innimellom. Fleire andre norditalienarar, som Adriano Banchieri, Andrea og Giovatni Gabrieli og Luzzasco Luzzaschi inkluderte toccataer i sine utgjevingar. Hans Leo Hassler som studerte med Andrea Gabrieli i Venezia førte musikkforma med seg tilbake til Tyskland der han etterkvart utvikla seg til sitt høgaste nivå.

Barokken endre

I barokken vart toccataene lengre, meir intense og virtuose enn dei var i renessansen, ofte med raske løp og arpeggioar som vekslar med fugale seksjonar eller fulltona akkordar. Viktige toccatakomponistar i perioden før Bach var Girolamo Frescobaldi, Johann Pachelbel, Michelangelo Rossi, Johann Jakob Froberger, Jan Pieterszoon Sweelinck, Alessandro Scarlatti og Dietrich Buxtehude.

Seinare i barokken vart toccataer mest brukt som eit preludium som vart spelt før fuger. Det mest kjente dømet er d-moll-toccataen som er overlevert under Bach. Bach skreiv fleire toccataer for orgel og cembalo.

Romantikken endre

Etter barokken har toccataforma vore mindre brukt, men nokre døme finst. Robert Schumann skreiv i 1830 sin Toccata C-Dur, Opus 7 for klaver, eit av dei teknisk vanskelegaste stykka på repertoaret. Med bygginga av store orgel blomstret musikkforma opp igjen i seinromantikken, til dømes har Max Reger og Charles-Marie Widor skrive toccataer.

Musikkdøme endre


Kjelder endre