Farnace
Farnace er tittelen på fleire operaer frå barokken til forskjellige librettoar. Den tidlegaste utgåva vart skriven av Lorenzo Morari med musikk av Antonio Caldara, og denne hadde premiere i Teatro St. Angelo i Venezia i 1703. Det mest kjende librettoen om dette temaet vart skriven av Antonio Maria Lucchini og sett til musikk av Leonardo Vinci i 1724.
RV711 Opera av Antonio Vivaldi | |||
Sjanger | Opera | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1727 | ||
Urframføring | 10. februar 1727 | ||
Typisk lengd | 87:20 | ||
Tekst av | Antonio Maria Lucchini |
Farnace, med musikk av den italienske komponisten Antonio Vivaldi (1678-1741) hadde premiere 1727 ved St. Angelo teater i Venezia. Han var populære då han kom, men vart så gløymd fram til slutten av 1900-talet.
Den tredje Farnace vart komponert av Francesco Corselli (1705-1778) (som var fødd i Frankrike som François Courcelle). Corselli sin Farnace hadde premiere i Madrid ved det kongelege teateret Buen Retiro i 1739. Andre utgåver vart komponerte så seint som i 1780-åra. Ein av dei mest kjende seinare utgåvene vart komponert av Josef Mysliveček for Teatro San Carlo i Napoli i 1767. Det er likevel Vivaldi si utgåve som vert framført mest i dag.
Roller og røyster (Vivaldi)
endreRolle | Røyst | Premierebestning[1] |
---|---|---|
Farnace | kontraalt en travesti | Maria Maddalena Pieri |
Tamiri | kontraalt | Anna Maddalena Giraud, òg kalla «la (or Annina) Girò» |
Berenice | sopran | Angela Capuano Romana, òg kalla "la Capuanina" |
Pompeo | kontraalt kastratsongar | Lorenzo Moretti |
Selinda | sopran | Lucrezia Baldini |
Gilade | sopran kastratsongar | Filippo Finazzi |
Aquilio | kontraalt kastratsongar | Domenico Giuseppe Galletti |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «en:Farance» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juli 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: Michael Talbot. «Antonio Maria Lucchini», Grove Music Online, red. L. Macy (henta 07 august 2007), grovemusic.com (krev medlemskap)