Fascination av David Bowie

Fascination
Song av David Bowie
frå albumet Young Americans
Utgjeve 1975
Innspelt Desember 1974
Sjanger
Lengd 5:43
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) David Bowie, Luther Vandross
Produsent Tony Visconti

«Fascination» er ein song skriven av den engelske musikaren David Bowie og den amerikanske musikaren Luther Vandross for Bowie-albumet Young Americans i 1975. Songen hadde utgangspunkt i ein Vandross-song kalla «Funky Music (Is a Part of Me)» som The Mike Garson Band brukte å spele før Bowie-konsertane i 1974.

Ein alternativ miks kom ut i 1989 i plateboksen Sound + Vision, men denne vart erstatta av den originale utgåva då boksen kom ut på ny i 2003.

Sjølv om Bowie aldri spelte songen på konsertane sine, vart han øvd inn for at han potensielt skulle spelast under Live Aid-konserten i London i 1985, men i lag med «China Girl», vart han til slutt droppa frå setlista.

Opphav endre

Luther Vandross hadde skrive ein song kalla «Funky Music (Is a Part of Me)» og arbeidde som korsongar for turneen til Bowie i 1974. Bowie tok med seg Vandross på innspelinga av Young Americans. Under desse innspelingane omarbeidde Bowie og Vandross «Funky Music» til «Fascination», med ein nesten heilt ny tekst av Bowie, og tok han med på albumet.[1][2] Då Bowie spurte Vandross om løyve til å spele inn «Funky Music» sjølv, svarte Vandross «Kva meiner du med å 'la' deg spele han inn? Eg bur i ein bygning med ein heis som nesten ikkje virkar og du spør meg om eg vil 'la' deg spele inn ein av mine songar?»[3] «Fascination» vart dermed den første songen Vandross skreiv som vart publisert.[2]

Då Vandross skipa si eiga gruppe, Luther året etter, spelte han inn «Funky Music» som det første sporet på det første albumet deira, Luther.[1] I følgje Spin-skribenten Barry Walters er «Funky Music» med originalteksten til Vandross «ein kjærleikssong om musikk.»[4] Musikkskribenten Chris O'Leary skildra teksten som «eit salsargument for han sjølv, eit New York kjas og mas» med tekstlinjer som «I do the singing, just give me a beat» som O'Leary skildrar som «rein George M. Cohan[3]

Musikk og tekst endre

Bowie-biografen Nicholas Pegg skildra musikken på «Fascination» som «den mest skamlause hyllesten til Gamble og Huff sin 'Philly' sound som finst på Young Americans[2] Pegg skildra teksten som «ugjennomsiktig.»[2] O'Leary skriv at han har ein «truande, slyngande bass-linje.»[3] Songstrukturen er basert på ein fallande akkordprogresjon frå E-moll til D-dur til C-dur.[3]

Pegg skreiv at forfattarar som Peter Doggett og O'Leary har skildra inspirasjonen for teksten som eit nattklubbskilt i John Rechy-romanen City of Night, medan Doggett òg identifiserer definisjonen av «fascinasjon» i J.H. Brennan-boka The Occult Reich som eit mogeleg emne for teksten.[2] Pegg skreiv òg at Bowie hadde vore fascinert av ordet «fascination», som òg går att i songen «Changes» frå 1971.[2] I følgje musikkskribenten David Buckley, «'funkar' 'Facination' opp 'strange fascination'-motivet i 'Changes'» og «stadfestar på ny ei trong til å halde fram å gjere, søke, handle, spørre slik det opphavleg var i 'Changes.'»[5] O'Leary skriv at ei av endringane Bowie gjorde frå den originale teksten til Vandross var å endre skildringa av «ein mann som går ned gata for å leite etter ein bra song, til ein som ser seg om etter ein ny dose dop.»[3]

Mottaking endre

Allmusic-kritikaren Ned Raggett skildra «Fascination» som «ein dramatisk og tidvis alvorleg groovy song» som «ein kan tenkje seg Nile Rodgers høyrde på i den første tida av Chic.»[6] Buckley meiner songen har det beste riffetYoung Americans.[5] Musikkprofessoren James E. Perone likte vokalprestasjonen til Bowie og meinte han «synte mykje kjensler» utan å ty til overdriven vibrato eller ha «inkonsistent intonasjon.»[7] Raggett skriv at vokalen til Bowie anten «er i lågt toneleie eller nesten kviskrande» og spekulerer i om det var gjort med vilje eller ikkje, og sa at dette fører til at korsongarane vert meir dominerande på refrenget enn det Bowie er.[6]

Medverkande endre

Andre versjonar endre

I popkulturen endre

Songen vert spelt på den oppdikta radiostasjonen Liberty Rock Radio, med den tidlegare samarbeidspartnaren til Bowie, Iggy Pop som radiovert, for videospelet Grand Theft Auto IV frå 2008. Dette er òg det andre Grand Theft Auto-spelet, etter Grand Theft Auto: San Andreas, som nyttar ein song frå Young Americans (Grand Theft Auto: San Andreas nytta songen «Somebody Up There Likes Me» på den oppdikta radiostasjonen K-DST).

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Neal, Mark Anthony (2013). Looking for Leroy: Illegible Black Masculinities. NYU Press. s. 145–146. ISBN 9780814758366. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Pegg, Nicholas (2016). The Complete David Bowie. Titan Books. ISBN 9781785655333. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 O'Leary, Chris (2015). Rebel Rebel. Zero Books. ASIN B00VSEQM2C. 
  4. Walters, Barry (April 1987). «Soul God». Spin. s. 33. 
  5. 5,0 5,1 Buckley, David (2012). Strange Fascination. Ebury Publishing. s. 221. ISBN 9781448132478. 
  6. 6,0 6,1 Raggett, Ned. «Fascination». Allmusic. Henta 23. juli 2021. 
  7. Perone, James E. (2007). The Words and Music of David Bowie. Praeger. s. 48. ISBN 9780275992453. 

Bakgrunnsstoff endre