China Girl
Singel av Iggy Pop
frå albumet The Idiot
B-side

Baby

Utgjeve Mai 1977
Innspelt Juli 1976 – februar 1977; Château d'Hérouville i Hérouville i Frankrike;
Musicland Studios, München;
Hansa by the Wall, Berlin
Sjanger Kunstrock, krautrock
Lengd 5:08 (album)
3:26 (singelutgåve)
Selskap RCA
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie, Iggy Pop
Produsent David Bowie
Iggy Pop-kronologi 
«Sister Midnight»
(1977)
China Girl «Success»/«The Passenger»
(1977)


«China Girl» er ein song skriven av Iggy Pop og David Bowie i løpet av åra dei budde i Berlin. Han kom først ut på debutalbumet til Iggy Pop som soloartist, The Idiot (1977). Songen vart meir kjend då Bowie spelte inn songen på nytt og gav han ut som den andre singelen frå det bestseljande albumet hans, Let's Dance (1983). Singelen til Bowie nådde andreplassen på den britiske singellista i ei veke frå 14. juni 1983, medan han i USA nådde 10. plassen.

Originalinnspeling

endre

Paul Trynka, forfattaren av David Bowie-biografien Starman, sa at songen var inspirert av Iggy Pop som var forelska i Kuelan Nguyen, ei vietnameisk kvinne, som ein metafor for Stooges-karrieren hans.[1]

Produksjonsmessig er den originale innspelinga på The Idiot rå og upolert samanlikna med versjonen til Bowie frå 1983.[2]

Nile Rodgers, produsenten av 1983-versjonen av songen, gav si tolking av teksten: «Eg tenkte 'China Girl' handla om å ta dop ... fordi China er China White som er heroin, jente er kokain. Eg tenkte songen handla om speedball. Eg tenkte, i dopmiljøet i New York er kokain jente og heroin gut. Så eg gjorde dette arrangementet som var ultrapop. Fordi eg tenktat , sidan det er David Bowie, kom han til å like ironien om å lage pop om noko som er så tabu. Og det som er verkeleg kult er at han sa 'eg elskar det!'.»[3]

Innhald

endre
  1. «China Girl» (Edit) (David Bowie, Iggy Pop) – 3:26
  2. «Baby» (Bowie, Pop) – 3:24

David Bowie-versjonen

endre
China Girl
Singel av David Bowie
frå albumet Let's Dance
B-side

Shake It

Utgjeve 31. mai 1983
Innspelt Desember 1982
Studio Power StationManhattan i New York City
Sjanger Poprock, pop,[4] new wave[5]
Lengd 5:32 (album)
4:14 (singelutgåve)
4:05 (video)
Selskap EMI America – EA157
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar)
Produsent Nile Rodgers
David Bowie-kronologi 
«Let's Dance»
(1983)
China Girl «Modern Love»
(1983)


Musikkvideo

endre

Musikkvideoen, med den newzealandske modellen Geeling Ng, vart regissert av David Mallet og hovudsakleg filma i Chinatown i Sydney i Australia.[6] I lag med videoen for den førre singelen, «Let's Dance», som kritiserte rasisme i Australia, skildra Bowie videoen som ei «særs enkel, særs direkte» melding mot rasisme.[7][8] Videoen parodierer med vilje asiatiske, kvinnelege stereotypar. Han skildra ein hypermaskulin hovudperson i ein romanse mellom ulike rasar. I den originale videoen kan ein sjå dei to ligge nakne i bølgjene (ein visuell referanse til filmen From Here to Eternity).[9][10] Den uredigerte versjonen vart bannlyst i New Zealand og somme andre land på den tida.[11] Den usensurerte versjonen kom ut i 1984 på «Video EP» gjeven ut av SonyBetamax, VHS og LaserDisc. Versjonar av videoen kom sidan ut på ulike video- og DVD-samlingar i sensurert utgåve utan nakenheita. Den originale videoen vann prisen for beste mannlege video hos MTV i 1984.[12]

Mottaking

endre

BBC Online-meldaren David Quantick omtalte effekten til produksjonen til Nile Rodgers på songen og hevda at «ingen utanom Rodgers kunne ha teke ein song som 'China Girl', med sine paranoide referansar til 'visions of swastikas', og gjort det om til ein søt, romantisk hitsingel».[13] Suksessen til Bowie-versjonen gjorde visstnok til at Pop fekk ei stabil inntekt, sidan han var medlåtskrivar på songen.[14]

Konsertutgåver

endre

Songen vart spelt på konsertane til Bowie resten av 1980-åra og finst på konsertvideoar frå 1983 og 1988 – Serious Moonlight og Glass Spider. Songen vart øvd inn for Live Aid-konserten til Bowie i 1985, men droppa på grunn av for lite tid. Andre konsertutgåver av songen finst på platene VH1 Storytellers (frå 1999, utgjeven 2009) og A Reality Tour som kom ut i 2010, spelt inn i november 2003 i Dublin. I 2018 kom songen ut på Glastonbury 2000, som var spelt inn på Glastonburyfestivalen i juni 2000.

Innhald

endre
7"-singel
  1. «China Girl» (Edit) (David Bowie, Iggy Pop) – 4:14
  2. «Shake It» (Bowie) – 3:49
12"-singel
  1. «China Girl» (Bowie, Pop) – 5:32
  2. «Shake It» (Re-Mix) (Bowie) – 5:21

Medverkande

endre

The Idiot-versjonen

endre

Let's Dance-versjonen

endre
Produksjon
  • Nile Rodgers – produsent

Salslister (David Bowie-versjonen)

endre

Vekeslister

endre
Liste (1983) Plassering
Australia (Kent Music Report)[15] 15
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[16] 9
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[17] 3
Canada Top Singles (RPM)[18] 6
Finland (Suomen virallinen lista)[19] 6
France (IFOP)[20] 15
Tyskland (Media Control AG)[21] 6
Irland (IRMA)[22] 2
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[23] 2
Nederland (Mega Single Top 100)[24] 5
New Zealand (RIANZ)[25] 3
Noreg (VG-lista)[26] 7
South Africa (Springbok Radio)[27] 17
Sverige (Sverigetopplistan)[28] 5
Sveits (Schweizer Hitparade)[29] 8
UK Singles (Official Charts Company)[30] 2
US Billboard Hot 100[31] 10
US Hot Dance Club Songs (Billboard)[32] 51
US Mainstream Rock (Billboard)[33] 3
Liste (2016) Plassering
Frankrike (SNEP)[34] 18
Sveits (Schweizer Hitparade)[29] 61
UK Singles (Official Charts Company)[35] 97
US Hot Rock & Alternative Songs (Billboard)[36] 20
US Billboard Rock Digital Songs[37] 21

Årslister

endre
Liste (1983) Passering
Belgium (Ultratop 50 Flandern)[38] 15
Canada Top Singles (RPM)[39] 43
Tyskland (Official German Charts)[40] 59
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[41] 29
Nederland (Single Top 100)[42] 65
New Zealand (Official New Zealand Music Chart)[43] 38
US Billboard Hot 100[44] 62

Salstrofe (David Bowie-versjonen)

endre
Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[45] Gull 5 000^
Storbritannia (BPI)[46] Sølv 250 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Andre utgjevingar

endre

Andre versjonar

endre

Kjelder

endre
  1. «China Girl by David Bowie». Songfacts.com. Henta 3. september 2021. 
  2. Pegg 2000, s. 382–383.
  3. «BBC Radio 2, Lost In Music: The Nile Rodgers Story». bbc.co.uk. Henta 29. desember 2016. 
  4. Erlewine,Stephen Thomas. «David Bowie - Let's Dance review». Allmusic. Henta 2. februar 2016. 
  5. Perone, James E. (7. september 2018). Listen to New Wave Rock! Exploring a Musical Genre. ABC-CLIO. ISBN 9781440859694 – via Google Books. 
  6. «Bowie's China Girl, Geeling Ng, remembers 'warm and engaging' star». Stuff. 2. september 2021. Henta 3. september 2021. 
  7. Loder, Kurt (12. mai 1983), «Straight Time», Rolling Stone magazine, no. 395, s. 22–28, 81 
  8. Tam, Ruth (20. januar 2016). «How David Bowie's 'China Girl' used racism to fight racism». The Washington Post. Henta 3. september 2021. 
  9. Jenkins, Mark (31. desember 1993). «Bowie's Changes In Single Fashion». The Washington Post. Henta 10. mai 2009. 
  10. Caroline Stanley (30. mars 2010). «The Evolution of Nudity in Music Videos (NSFW) – Flavorwire». Flavorwire.com. Arkivert frå originalen 1. desember 2020. Henta 3. september 2021. «a rather tame (and brief!) glimpse at Bowie's butt during a beach makeout session» 
  11. «David Bowie's 'China Girl' Co-Star Says Music Video Changed Her Life». Billboard. 2. september 2021. Henta 3. september 2021. 
  12. «MTV Video Music Awards 1984». MTV. Henta 3. september 2021. 
  13. Quantick, David. «David Bowie Let's Dance Review». BBC. Henta 1. september 2021. 
  14. Hedegaard, Erik (11. desember 2003). «Iggy Pop's Trail of Destruction». Rolling Stone. Rolling Stone. Henta 17. august 2021. 
  15. «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – CHART POSITIONS PRE 1989». Australian-charts.com. Hung Medien. Arkivert frå originalen 20. oktober 2013. Henta 3. september 2021. 
  16. "David Bowie – China Girl – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  17. "Ultratop.be – David Bowie – China Girl" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  18. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada.
  19. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin – levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på finsk). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. 
  20. «Le Détail par Artiste». InfoDisc (på fransk). Select «David Bowie» from the artist drop-down menu. Henta 3. september 2021. 
  21. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  22. "The Irish Charts – Search Results – China Girl". Irish Singles Chart.
  23. "Nederlandse Top 40 – week 27, 1983" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40.
  24. "Dutchcharts.nl – David Bowie – China Girl" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  25. "Charts.org.nz – David Bowie – China Girl". Top 40 Singles. Hung Medien.
  26. "Topp 20 Single uke 25, 1983 – VG-lista. Offisielle hitlister fra og med 1958". VG-lista. Verdens Gang AS.
  27. «South African Rock Lists Website SA Charts 1969 – 1989 Acts (B)». The South African Rock Encyclopedia. Henta 3. september 2021. 
  28. "Swedishcharts.com – David Bowie – China Girl". Topp 60. Hung Medien.
  29. 29,0 29,1 "David Bowie – China Girl – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
  30. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  31. "Bowie?f=379&g=Singles David Bowie Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for David Bowie. Prometheus Global Media.
  32. "Bowie?f=359&g=Singles David Bowie Album & Song Chart History" Billboard Hot Dance/Club Play for David Bowie. Prometheus Global Media.
  33. "David Bowie Chart History (Mainstream Rock)". Billboard. Retrieved 3. september 2021.
  34. "Lescharts.com – David Bowie – China Girl" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  35. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  36. "David Bowie Chart History (Hot Rock & Alternative Songs)". Billboard. Retrieved 3. september 2021.
  37. «Rock Digital Songs - The week of 30. januar 2016». Billboard Rock Digital Songs. Henta 3. september 2021. 
  38. «Ultratop Jaaroverzichten 1983». Ultratop 50 (på nederlandsk). Arkivert frå originalen 26. januar 2014. Henta 3. september 2021. 
  39. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada.
  40. «Top 100 Single-Jahrescharts 1983». GfK Entertainment Charts (på tysk). Henta 3. september 2021. 
  41. «Top 100-Jaaroverzicht van 1983». Nederlandsk Topp 40 (på nederlandsk). Henta 3. september 2021. 
  42. «Dutch Jaaroverzichten Single 1984». Single Top 100 (på nederlandsk). Henta 3. september 2021. 
  43. «Official New Zealand Music Chart - End of Year Charts 1983». Official New Zealand Music Chart. Henta 7. juni 2016. 
  44. «Top 100 Hits for 1983». Billboard Hot 100. Henta 3. september 2021. 
  45. «Canadian single salstrofé – David Bowie – China Girl». Music Canada. 
  46. «British single salstrofé – David Bowie – China Girl». British Phonographic Industry.  Enter China Girl in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  47. «The Wedding Singer». IMDb. 13. februar 1998. Henta 3. september 2021. 

Bakgrunnsstoff

endre