Fearnley & Eger var eit norsk reiarlag grunnlagt 1869 av Thomas Nicolay Fearnley. Namnet er frå 1874 etter at Fearnley sitt syskenbarn Johan Engelhardt Eger gjekk inn som partnar. Selskapet dreiv mest med skipsmekling, men i 1872 vart den fyrste barken («Marie») kjøpt, og firmaet disponerte seinare ei rekkje seglskip. Det fyrste dampskipet var hjuldamparen «Lara», som 1873–80 gjekk i rutefart mellom Oslo og Østfoldbyane. I 1908 kom sonen til grunnleggeren, Thomas Fearnley, inn og vart seinare seniorsjef. Etter kvart vart skipsmeklinga skild ut i Fearnley & Egers Befragtningsforretning, det som seinare vart Fearnleys AS med holdingselskapet Astrup Fearnley og Hans Rasmus Astrup som eigar.

Fearnley & Eger dreiv frå før fyrste verdskrigen oversjøisk linjefart med motorskip gjennom Den norske Afrika- og Australia Linje og Norge-Mexico Gulf Linjen, begge i samarbeid med Wilh. Wilhelmsen. Seinare dreiv reiarlaget, saman med A. F. Klaveness & Co., Fern Line frå Mexicogolfen til Aust-Asia via Panamakanalen. Frå rundt 1930 bygde Fearnley & Eger òg opp ein stor tankflåte, og 1931 kom Astrup-familien inn som eigarar gjennom Fearnley sin systerson Nils Ebbessøn Astrup. Reiarlaget gjekk konkurs 1991 og var då mellom anna eit cruiseselskap og hadde aksjemajoriteten i Den Norske Amerikalinje; hovudeigar og styreformann var Nils Jørgen Astrup, son av Nils E. Astrup og bror av Hans R. Astrup.[1][2]

Kjelder endre

  1. «Fearnley & Eger AS - 978637760 - Oslo - Se Regnskap, Roller og mer», www.proff.no, arkivert frå originalen 16. februar 2017, henta 14. november 2021 
  2. Ødemark, Erik (4. juni 2020). «Fearnley & Eger». Store norske leksikon (på norsk bokmål).