Opna hovudmenyen

Thomas Nicolay Fearnley (9. april 184117. mai 1927) var ein norsk skipsreiar, industribyggjar og kapitalist. Han var kjend for sine store pengegåver til norsk idrett, kunst og vitskap.

Thomas Nicolay Fearnley
Ths Fearnley.jpeg
Fødd 9. april 1841
Amsterdam
Død

17. mai 1927
Oslo

Yrke velgjerar, forretningsdrivande

Liv og gjerningEndra

Fearnley var fødd i Amsterdam. Faren, kunstmålaren Thomas Fearnley, døydde før sonen fylte fyrste året, familien flytta då til Christiania. Fearnley studerte i Leipzig og arbeidde ei tid i London. Frå 1869 dreiv han eige firma i Noreg, eit firma som satsa på skipsmekling og reiarverksemd. Firmaet Fearnley & Eger var frå kringom 1880 pionerar i då norsk skipsfart byrja overgongen frå segl- til dampfartøy. Frå 1881 dreiv firmaet ei fast linje mellom Noreg og Frankrike. Då fyrste verdskrigen braut ut i 1914 hadde firmaet 12 skip. I samarbeid med Wilh. Wilhelmsen starta Fearnley & Eger opp Den norske Afrika- og Australia Linje og Brydes Mexico Gulf Linje. Fearnley trekte seg frå reairlaget i 1921 og overlet styringa til eldste sonen, Thomas Fearnley.

Fearnley deltok også i norsk industribyggjing. Han var både medlem og formann i styret for Orkla. I 1904 var han med på etableringa av Meraker Brug, og i 1916 heimkjøpet av Hafslund.

I 1877 var Fearnley melom stiftarane av Christiania Skiklub, eit lag han var formann for i tida 1885–1910. Han oppretta i 1919 Hoffjegermester Fearnleys fond for norsk idrett.

Fearnley vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1894, vart kommandør av 2. klasse i 1901 og kommandør av 1. klasse i 1919. Han var også kommandør av 1. klasse av Nordstjerneordenen og kommandør av Vasaordenen. Fearnley var kommandør av den tyske Zähringerløvens orden og eigar av ein britisk kroningsmedalje.

Han døydde i Oslo i 1927 og er gravlagd på Vår Frelsers gravlund.

KjelderEndra