Felix Baumgartner

Felix Baumgartner (fødd 20. april 1969 i Salzburg) er ein austerriksk fallskjerm- og BASE-hoppar. Han er kjend for spesielt farlege stunt han har utført karrieren sin. I det austerrikske militæret nytta han tida til å praktisere fallskjermhopping, inkludert å lande på små område. Under det siste prosjektet Red Bull Stratos, der han sette tre av dei mange verdsrekordane sine, vart han frakta opp til stratosfæren i ein heliumsballong, for så å hoppe attende til jorda.

Felix Baumgartner

Verkeleg namn Felix Baumgartner
Statsborgarskap Austerrike
Fødd 20. april 1969
Salzburg i Austerrike
Yrke fallskjermhopper, militær, racerbilfører, boksar, stuntmann, space diving
Kjend for Fallskjerm- og BASE-hopping
Språk engelsk, tysk
Partnar Mihaela Rădulescu
Nettstad http://felixbaumgartner.com/
Felix Baumgartner på Commons

14. oktober 2012 sette han verdsrekord for høgaste ballongferd med mannskap (39 045 m), høgaste fart under fritt fall (1 342 km/t) og fallskjermhopp frå høgaste høgd (39 045 m) då han hoppa til jorda frå ein heliumsballong i stratosfæren.[1][2] Han sette òg rekord på nettstaden YouTube då åtte millionar menneske såg hoppet direkte.[3]

Biografi

endre

Baumgartner vart fødd 20. april 1969 i Salzburg i Austerrike.[4]

I 1999 sette han verdsrekord for høgaste fallskjermhopp får ein bygning då han hoppa frå Petronas Towers i Kuala Lumpur i Malaysia.[5] 31. juli 2003 vart Baumgartner den fyrste personen til å hoppe i fallskjerm over Den engelske kanalen med ein spesiallaga karbonfibarvinge.[6] Han har òg sett verdsrekord for det lågaste BASE-hoppet nokonsinne, då han hoppa 95 meter frå handa til Kristusstatuen i Rio de Janeiro i Brasil.[7]

27. juni 2004 vart han den fyrste personen som BASE-hoppa frå Millau Viaduct i Frankrike[treng kjelde], og den fyrste personen som hoppa i fallskjerm frå Turning Torso i Malmö i Sverige 18. august 2006.[8] 12. desember 2007 vart han den fyrste personen som hoppa frå Taipei 101 i Taiwan, som då var den høgaste bygningen i verda.[9][treng kjelde]

Red Bull Stratos

endre
For meir om dette emnet, sjå Red Bull Stratos.

I januar 2012 vart det rapportert at Baumgartner arbeidde med ei gruppe forskarar og sponsoren Red Bull for å sette rekord i fallskjermhopp frå høgaste høgd..[10] Baumgartner hadde problem med klaustrofobi etter å ha sitte i ein spesiallaga dress, men fekk hjelp frå ein idrettspsykolog og andre spesialistar.[11]

Baumgartner skulle opphavleg hoppe 9. oktober 2012, men turen vart broten av på grunn av vind. Hoppet vart dimed utsett til 14. oktober. Han landa i det austlege New Mexico i USA etter å ha hoppet frå ei høgd 39 045 meter.[11][12] I tillegg sette han rekord for høgaste ballongferd med mannskap i same høgd og høgaste fart under fritt fall på 1 342 kilometer i timen, noko som gjer han til det fyrste menneske som bryt lydmuren utan hjelp frå eit køyretøy.[13][14] Baumgartner var i fritt fall i fire minutt og 20 sekund, 16 sekund kortare enn då Joseph Kittinger, som hadde den tidlegare verdsrekorden, hoppa i 1960.[13]

Kjelder

endre

Fotnotar

endre
  1. Figures delivered by Brian Utley, representative of the National Aeronautics Association, the US arm of the international organization of record, the FAI (Fédération Aéronautique Internationale), at press conference by Red Bull Stratos, streamed online at http://www.redbullstratos.com on October 14, 2012
  2. Tierney, John. «Daredevil Prepares to Jump Nearly 25 Miles». New York Times. Henta 14 October 2012. 
  3. «Felix Baumgartner satte nettrekord». VG. 15. oktober 2012. Henta 15. oktober 2012. 
  4. «Felix Baumgartner». redbull.co.uk. Henta 23 Mar 2012. 
  5. «Archive: 1999». felixbaumgartner.com. Henta 23 Mar 2012. 
  6. «Birdman Flies Atair Parachutes Across English Channel». Atairaerospace.com. 21. november 2003. Henta 18. mai 2010. 
  7. The Man Who Would Fall to Earth Arkivert 2012-04-18 ved Wayback Machine., Esquire, p. 4, 2010-07-14, accessed 2010-07-14; "he leapt from the outstretched hand of O Cristo Redentor, the ninety-eight-foot-tall statue that looms over Rio de Janeiro... the final product was... a world record—lowest BASE jump ever".
  8. «Pr-jippo kan sluta med åtal». 18. august 2006. Arkivert frå originalen 19. desember 2012. Henta 5 December 2010.  Mal:Sv icon
  9. «Extreme Felix Baumgartner jumping off Taipei 101». YouTube. Henta 18. mai 2010. 
  10. Choi, Charles Q (22 January 2010). «'Space diver' to attempt first supersonic freefall». New Scientist. Henta 14. oktober 2012. 
  11. 11,0 11,1 Tierney, John (14 October 2012). «Daredevil Jumps, and Lands on His Feet». The New York Times. Henta 14. oktober 2012. 
  12. Llorca, Juan Carlos (14 October 2012). «Skydiver Lands Safely After 24-Mile Leap to Earth». Associated Press. Henta 14. oktober 2012. 
  13. 13,0 13,1 Irvine, Chris (14. oktober 2012). «Felix Baumgartner: Daredevil in record-breaking free fall attempt: live». Telegraph. Henta 14 October 2012. 
  14. Tierney, John (14 October 2012). «Daredevil Jumps, and Lands on His Feet». Henta 14. oktober 2012.