Felixstowe
Felixstowe er ein hamneby for Nordsjøtrafikk i Suffolk i England. Byen har den største containerhamna i Storbritannia.
Felixstowe | ||
---|---|---|
Felixstowe Pier & seafront | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Suffolk | |
Distrikt | Suffolk Coastal | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
29 349 | |
Koordinatar | 51°58′N 1°21′E / 51.967°N 1.350°E | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | IP11 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1394 | |
Det har lege ein landsby på staden sidan før normannarane erobra området på 1000-talet. Staden vart etterkvart viktig for forsvaret av England, som i 1667 då nederlandske soldatar gjekk i land og mislukkast i å ta det lokalet martellotårnet.
Så seint som i 1886 vart Felixstowe ei viktig hamn. Turismen auka på same tid, og i 1905 vart piren konstruert. Staden vart eit fasjonabelt feriemål i viktoriansk tid, ikkje minst som følgje av at Felixstowe stasjon og piren vart opna, og at den tyske keisarfamilien vitja staden.
Hamna er den tredje viktigaste i Storbritannia, etter Southampton og Tilbury, med 35% av landet sitt containertrafikk, og den fjerde travleste i Europa etter Rotterdam, Hamburg og Antwerpen. I 2002 vart han òg rangert som den tjuande travleste i verda.
Det er gode vegsamband til Midlands via A14 og til London via A12.
Elva Orwell renn ut i sjøen ved Felixstowe.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Felixstowe» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2011.