Fellesprogrammet var ein felles politisk plattform skip av dei fire største politiske partia i Noreg ved slutten av andre verdskrigen for å vidareføra samarbeidet dei hadde hatt på tvers av partigrensene under krigen. Arbeidarpartiet (DNA), Høgre (H), Venstre (V) og Bondepartiet (Senterpartiet) (B) tok del i Felleprogrammet. Det fekk seinare også støtte av dei to andre partia i landet, Noregs Kommunistiske Parti (NKP) og Kristeleg Folkeparti (KrF).

Representantar for dei ulike partia kom saman i mai 1945 med støtte frå leiinga i Heimefronten. Fagforeiningsmann og tidlegare redaktør av Bergens Arbeiderblad, Gunnar Ousland, representerte DNA. Redaktørkollegaene Herman Smitt Ingebretsen (H), Chr. A. R. Christensen (V) og Hans Holten (B) tok del i forhandlingane. Programmet blei utarbeidd sommaren 1945 og lansert ved Stortingsvalet 1945 i tillegg til dei eksisterande partiprogramma.

Fellesprogrammet pekte på dei store retningslinjene dei politiske leiarane meinte alle burde samlast om for å gjenreisa og byggja ut den demokratiske staten, og nemnde nokre konkrete sakar for dette samarbeidet. Til dømes burde det opprettast bransjeutval for dei enkelte næringane, produksjonsutval med deltakarar også frå arbeidarar og funksjonærar, og ein ønskte lovgjeving som hindra streik og lockout som kampmiddel i arbeidskonfliktar. Jordbruket burde sikrast full likestilling med andre næringar, og det norske forsvaret burde gjenreisast. Fellesprogrammet bidrog til at dei politiske motsetningane blei neddempa til fordel for dei store felles gjenreisningsoppgåvene i etterkrigsåra.

Kjelder

endre