Herman Smitt Ingebretsen

Herman Smitt Ingebretsen (6. mars 189113. november 1961) var ein norsk pressemann og Høgre-politikar frå Kristiansand.

Herman Smitt Ingebretsen
Fødd6. mars 1891
Kristiansand
Død13. november 1961
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, redaktør

Ingebretsen var son til ein handelsagent. Etter han tok studenteksamen i 1911 studerte han soisaløkonomi ved Universitetet i Oslo. Samstundes fekk han arbeid som journalist i Morgenbladet. Han flytta i 1916 over i redaksjonen til Aftenposten, også det ei hovudstadsavis. Frå 1919 var han avisredaktør fleire stade; fyrst 1919-20 i Fremskridt i Skien, dernest 1920-24 i Christiandsands Tidende og 1924-36 i Stavangeren.

Han var generalsekretær i Høgre perioden 1936 til 1940. Krigsåra 1940-44 var han medarbeidar i Morgenbladet, til han 1944-45 var sjef for det norske militære sitt pressekontor i London. Etter verdskrigen var over i 1945 var han i tre år redaktør i Morgenbladet. Frå 1949 til 1961 var han sjefredaktør i Aftenposten.

Herman Smitt Ingebretsen på Stortinget i 1954 (midt i biletet, med lyst hår).
Foto: Billedbladet NÅ/Arkivverket

Ingebretsen var medlem i Høgre sitt sentralstyre i to periodar, 1934-39 og 1950-61. I 1945 vart han vald til stortingsrepresentant frå Akershus. Sidan vart han vald til representant frå Oslo i to periodar, 1950-53 og 1954-57. På tinget var han medlem i Sosialkomiteen 1945-49 og i Kyrkje- og undervisninsgkomiteen 1950-57, frå 1954 som formann i komiteen. Smitt Ingebretsen, som han vanlegvis vart kalla, var parlamentarisk leiar for Høgre i 1948-sesjonen, og nestleiar i resten av 1945-49-perioden.

KjelderEndra