Fem dynasti og ti kongerike-tida
Fem dynasti og ti kongerike-tida ((五代十国, Wǔdàishíguó) er nemninga på ein vel 50 år lang periode i kinesisk historie. Perioden tok til med Tang-dynastiet sitt endelege fall i år 907 og enda med at Song-dynastiet etablerte si overmakt i 960.
Under Fem dynasti og ti kongerike-tida var det mykje og vedvarande politisk strid og kamp i Kina. Gjennom perioden vart det danna, og fall, fem dynasti og meir enn ti kongedøme i det tidlegare samla keisarriket. Dei fem dynastia låg alle i det nordlege Kina, medan ni av dei ti lengstliva kongedøma fanst i det sørlege Kina.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «De fem dynastierna och De tio rikena» frå Wikipedia på svensk, den 20. desember 2016.