Ein fembøring er ein open, spissgatta trebåt med segl og minst fem båtrom. Denne båttypen, som hovudsakleg er ein størrelseskategori, har tradisjonelt vorte bruka i Trøndelag og Nord-Noreg. Fembøringane blir tradisjonelt bygde anten som åfjordsbåtar eller nordlandsbåtar. Sjølv om fembøringane har minst fem rom, og i praksis ofte minst ein sju eller åtte, så har dei sjeldan meir enn fem eller seks par tollepinnar — og ofte ned til tre par i storfembøringane frå sist på 1800-talet.

Fembøring i Vefsna med rigg og løfting.
Fembøring (nordlandsbåt) med rigg og løfting.

Opphavet til namnet fembøring er uvisst. Av hypotesane kan nemnast at børing har vorte sett i samband med både bord og bør og at fem kan vise til anten talordet 5 eller eit likelydande ord med annan tyding. Men det kan òg ver at fem kjem frå gamalnorsk «fimr», som tyder snar, snøgg, hendig[1]. Kor som er, så er det truleg samband mellom termen fembøring og termen sambøring som ein finn i eldre kjelder frå Mørekysten.

Referansar endre

  1. Ø. Færøyvik, Vestlandsbåtar - Frå oselvar til sunnmørsåttring, Norske båtar bind V, Grøndal & søn forlag AS, 1987.

Bakgrunnsstoff endre