Fermattala, som er oppkalla etter den franske matematikaren Pierre de Fermat, er positive heiltal av forma

,

der n er 0 eller eit positivt heiltal. Dei fyrste åtte fermattala er:

F0 = 21 + 1 = 3
F1 = 22 + 1 = 5
F2 = 24 + 1 = 17
F3 = 28 + 1 = 257
F4 = 216 + 1 = 65537
F5 = 232 + 1 = 4294967297 = 641 × 6700417
F6 = 264 + 1 = 18446744073709551617 = 274177 × 67280421310721
F7 = 2128 + 1 = 340282366920938463463374607431768211457 = 59649589127497217 × 5704689200685129054721

Om 2n + 1 er eit primtal og n > 0, kan det visast at n må vera ein toerpotens. (Om n = ab der 1 < a, b < n og b er eit oddetal, er 2n + 1 ≡ (2a)b + 1 ≡ (−1)b + 1 ≡ 0 (mod 2a + 1).) Alle primtal av forma 2n + 1 er med andre ord eit Fermattal og vert kalla Fermatprimtal. Dei einaste kjente fermatprimtala er F0,...,F4. For faktorising av fermattal sjå [1]

Grunnleggande eigenskapar

endre

Fermattala kan uttrykkast med fyljande rekursjonar

 
 
 
 

for n ≥ 2. Desse rekursjonane kan alle provast med matematisk induksjon. Frå den siste rekursjonen kan vi utleia Goldbach sitt teorem, som seier at ingen koprime fermattal har ein felles faktor. For å visa dette går vi ut frå at 0 ≤ i < j og at Fi og Fj har ein felles faktor a > 1. Da dividerer a både produktet

 

og Fj, slik at a dividerer differensen deira 2. Ettersom a > 1 fører dette til at a = 2. Men dette er ei sjølvmotseiing, ettersom begge fermattala må vera oddetal. Ein logisk konsekvens av dette kan vi konstruere eit prov for at det finst uendeleg mange primtal: for kvar Fn, velg ein prime faktor pn. Sekvensen {pn} er da ein uendeleg sekvens av distinkte primtal.

Her er fleire grunnleggande eigenskapar til fermattala:

  • Om n ≥ 2, er Fn ≡ 17 eller 41 (mod 72). (Sjå modulær aritmetikk)
  • Om n ≥ 2, er Fn ≡ 17, 37, 57, eller 97 (mod 100).
  • Talet på siffer D(n,b) når Fn vert uttrykt med base b er
  (Sjå golvfunksjonen)
  • Med unnatak av F1 = 2 + 3 kan ingen fermattal uttrykkast som ein sum av to primtal.
  • Ingen prime fermattal kan uttrykkast som differansen mellom to p-potensar, der p er eit ulike primtal.

Prim fermattal

endre

Pierre de Fermat, som var den fyrste som studerte tal av forma  , la merke til at alle Fermattala til og med F4 var primtal. Ut frå denne observasjonen trekte han den forhasta konklusjonen at alle fermattala er primtal. Men i 1732 viste Leonhard Euler at

 

Euler hadde difor prova at alle faktorane til Fn må vera av forma k2n+1 + 1. For n = 5 fører dett til at dei einaste moglege faktorane er av forma 64k + 1. Etter dette tok det ikkje så lenge før Euler hadde funne faktoren 641 = 10×64 + 1.

Det er ei vanleg oppfatning at Fermat viste om kva Euler hadde kome fram til, så det kan verka rart at han ikkje nytta seg av dette resultatet for å finna andre faktorar. Ein grunn kan vera at Fermat hadde gjort ein reknefeil, men at han var så sikker på resultatet han hadde kome fram til at han ikkje kontrollerte det godt nok.

Ingen andre prime fermattal av forma Fn, med n > 4, er kjente. Fyljande problem er framleis uløyste:

  • Er Fn faktoriserbar for alle n > 4?
  • Er det uendelig mange prime fermattal?
  • Er det uendelig mange faktoriserbare fermattal?

Det følgjande heuristiske argument tyder på at talet på prim fermattal er endeleg. I fylje primtalsteoremet er «sannsynet» for at eit tal n er eit primtal ikkje meir enn A/ln(n), der A er ein konstant. Forventningsverdien for at eit fermattal er eit primtal er difor ikkje høgare enn

 

Det er viktig å ha klårt for seg at det ikkje finst noko eigentleg prov på denne relasjonen. For det fyrste er det lagt til grunn at fermattala oppfører seg tilfeldig, sjølv om det er kjent at faktorane til fermattala har noko spesielle eigenskapar. Sjølv om det er ei vanleg oppfatning at talet på prime fermattal er endeleg, finst det nokre spesialistar som ikkje er samde i dette [1] Arkivert 2006-10-02 ved Wayback Machine.

Når dette vert skrive (2004) er det kjent at Fn er faktoriserbare for 5 ≤ n ≤ 32, men fullstendige faktoriseringar av Fn er berre er kjent for 0 ≤ n ≤ 11. Det største kjente faktoriserbare fermattalet er F2478782 og primfaktoren 3×22478785 + 1 vart oppdaga av John Cosgrave og Proth-Gallot gruppa hans, den 10. oktober 2003. Ein enda meir hugkveikjande bruk av det heuristiske argumentet ovanfor, men med same atterhald, er at sannsynet for at det finst nye primfermattal som er større enn F32 er i storleiksorden ein til ein milliard.

Det finst mange ekvivalente føresetnaden for at eit fermattal Fn skal vera prim:

  • Teoremet til Proth -- (1878) Lat N = k2m + 1, med k eit oddetal < 2m. Om det finst eit heiltal a slik at
 
så er N eit primtal. Om det derimot ikkje finst ein slik kongruens, stemmer ikkje konjeksjonen over og om i tillegg
  (Sjå Jacobisymbol)
så er N faktoriserbar. Om N = Fn > 3, så er Jacobisymbolet over alltid lik −1 for a = 3, og da er denne spesielle forma av teoremet til Proth kjent som testen til Pépin. Sjølv om Pépin sin test og Proth sitt teorem har vorte realiserte i programvare for å prova at mange fermattal er faktoriserbare, så har ingen av testane resultert i ein spesifikk ikkje-trivial faktor. I røynda er ingen spesielle primfaktorar kjente for n = 14, 20, 22 og 24.
  • Lat n ≥ 3 vera eit positivt ulike heiltal. Da er n eit prime fermattal om og berre om alle a er relativt prime med n, a er ei primitiv rot mod n om og berre om a er ei kvadratisk ikkje-residu mod n.
  • Fermattalet Fn > 3 er prime om og berre om det kan skrivast eintydig som ein sum av to kvadrat som ikkje er null:
 
Når   ikkje er av forma vist over er
 
ein ekte faktor.
Døme 1: F5 = 62264² + 20449², så
 ,
er ein ekte faktor.
Døme 2: F6 = 4046803256² + 1438793759², så
 
er ein ekte faktor.

Faktorisering av fermattal

endre

På grunn av at dei fermattala som enda ikkje er faktorisert er svært store er det vanskelege å faktorisera dei eller å prova at dei er primtal. Pépin sin test, som kan utførast ved hjelp av moderne datamaskiner, er naudsynt og tilstrekkeleg for å prova at et fermattal er prime. Den elliptiske kurvemetoden er ein snøgg metode for å finna små primdivisorar. I prosjektet GIMPS, til dømes, leitar ein etter primdivisorar til fermattal ved hjelp av den eliptiske kurvemetoden. Prosjektet FermatSearch, som nyttar distribuert arkitektur parallellprosessering, har òg lukkast med å finna nokre faktorar av fermattal. Yves Gallot har realisert ein test basert på Proth sitt teorem, i form av eit Windows-program; exe-fila (Proth.exe) kan lastast ned frå The Prime Pages. I 1878 prova Lucas[2] at alle faktorane til eit fermattal   er av forma  , der k er eit positivt heiltal.

Fermat sitt vesle teorem og pseudoprimtal

endre

Fermat sitt vesle teorem nyttar fermattal for å generera uendeleg mange pseudoprimtal.

Andre teorem om primfermattal

endre

Om n er eit positivt heiltal, har vi at

 .

Prov

 
 
 
 .

Om   er eit primtal, så er   ein toerpotens.

Prov:

Ut frå at

 .

om   er ein 2'er-potens, eller  , der   og   er eit oddetal, har vi at

 .

Difor ville   dividera  , eller så er ikkje   eit primtal.

Relasjonar til konstruerbare polygon

endre

Eit n-sidig regulært polygon kan konstruerast med passar og linjeal om og berre om n er både ein toerpotens og eit produkt av ein toerpotens og distinkte primfermattal. Med andre ord, berre om n er av forma n = 2kp1p2...ps, der k er eit ikkje-negativt heiltal og pi er distinkte primfermattal. Sjå konstruerbare polygon.

Eit positivt heiltal n er av forma over om og berre om φ(n) er ein toerpotens, der φ(n) er Euler sin totientfunktsjon.

Praktisk bruk av fermattal

endre

Sjå òg

endre

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelde

endre

Referansar

endre
  1. Keller, W., Prime Factors   of Fermat Numbers  Arkivert 2016-02-10 ved Wayback Machine. (Lenka 24/8 2007)
  2. Křížek, Michal, Luca, Florian, Somer, Lawrence, 17 Lectures on Fermat Numbers: From Number Theory to Geometry, Springer, CMS Books 9, ISBN 0-387-95332-9 (Denne boka har ei lang liste med referansar.)