Fermi Gamma-ray Space Telescope
Fermi Gamma-ray Space Telescope (før oppskyting kalla Gamma-ray Large Area Space Telescope (GLAST)[1]) er eit NASA-romobservatorium skote opp 11. juni 2008. Teleskopet skal studera universet i gammastråledelen av det elektromagnetiske spektrumet. Telskopet blei etter oppskytinga døypt på nytt og namnsett etter professor Enrico Fermi, ein italiensk pioner innan høgenergifysikk.[1]
Ferdmål
endreSom ferdmål har observatoriumet mellom anna:[2]
- å utforska dei mest ekstreme omgjevnadane i universet der det finst energiar langt høgare enn det som er mogleg på jorda
- søkja etter teikn på nye fysikklover og finna ut kva den mørke materien er samansett av
- forklara korleis svarte hòl akselererer kraftige jetstråler av materie mest opp til lysfarten
- løysa gåtene rundt dei enormt kraftige eksplosjonane kalla gammaglimt
- svara på eldre spørsmål over eit breitt spekter av emne, inkludert solstormar, pulsarar og opphavet til kosmisk stråling
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «NASA Renames Observatory for Fermi, Reveals Entire Gamma-Ray Sky» - NASA-pressemelding 26. august 2008. Vitja 28. august 2008.
- ↑ «Science Info» - oversikt over dei vitskaplege måla til teleskopet på den offisielle heimesida. Vitja 28. august 2008.