Denne artikkelen handlar om bokstaven. For programmeringsspråket C++, sjå C pluss pluss.

C er den tredje bokstaven i det latinske alfabetet. Han kan representera fleire lydar, særleg /k/ og /s/.

Opplyst C i Ecuador.
Illuminert C i eit manuskript frå 800-talet.

På norsk blir han uttalt som s om han står framfor i, y, æ, ø og som regel framfor e, som k om han står framfor a, o, u og dei fleste konsonantar, og som [ʃ] (sj-lyden) eller [tʃ] om han står framfor h.[1]

Historie endre

Fønikisk
gaml
Arabisk
ǧīm
Hebraisk
gimel
Greek
Gamma
Etruskisk 
C
Gammal-latin
C (G)
           

C har same opphav som bokstaven G. Semittane kalla han gimel. Bokstavteiknet deira er kanskje ei tilpassing av ein egyptisk hieroglyf for ei stav-slynge, som også kan ha vore tydinga til «gimel».

Bokstaven blei gjort om til gamma i det greske alfabetet. På fønikisk og gresk var lydverdien g. Etruskisk hadde ikkje denne lyden og brukte bokstaven for lyden /k/. Den etruskiske bokstaven likna opphavleg på den greske (  i tidleg etruskisk), men blei vend om til ein slags speglvend latinsk C i klassisk etrusksisk ( ) Den latinske forma c tok form i klassisk latin. I tidlege latinske inskripsjonar brukte ein bokstavane C, K og Q til å stå for lydane /k/ og /ɡ/, som ein ikkje skilde mellom i skrift. Q blei brukt til lyden /k/ eller /ɡ/ før ein runda vokal, K framfor A, og elles brukte ein C.[2] Rester av denne bruken finst i latin, når namnet Gaius vert forkorta til C. og Gnaeus Cn. i skrift.

På 200-talet f.Kr. blei det innført ein modifisert utgåve av C for lyden /ɡ/ (G), medan C blei brukt til lyden /k/. Frå og med den klassiske perioden blei G rekna som tilsvarande gresk gamma og C som tilsvarande kappa, noko ein kan sjå i romaniseringa av greske ord som «KAΔMOΣ» (cadmvs), «KYPOΣ» (cyrvs) og «ΦΩKIΣ» (phocis).

Gjennom heile oldtida uttalte romarane C som /k/ føre alle vokallyder. Det forklarer at «caesar» vart lånt inn i germanske språk med k-lyd: «Kaiser» eller «keisar», jamfør også latinsk cellarium (kjellar), cista (kiste) og liknande. Namnet på bokstaven hos etruskarane og romarane var ce, uttalt ke. Først frå tidleg i mellomalderen, vart han uttalt se.

No vert c uttalt føre e og i som tʃ på italiensk, som ustemt s på fransk, som ein lespande s-lyd på spansk omtrent tilsvarande engelsk th, men som s på spansk-amerikansk og på portugisisk og som tʃ på rumensk. Skal ein uttale c som s på fransk og portugisisk føre andre vokalar, skriv ein ç. Uttalen som k føre e og i vert på italiensk uttrykt ved ch, på spansk og portugisisk ved qu. I dei nordiske språka finst c berre i framandord og vert uttalt føre e, i, y, æ og ø som s, elles som k. Dei same reglane gjeld i engelsk, medan c føre e, i, y på tysk vert uttalt ts. I tsjekkisk, polsk, ungarsk, slovensk og kroatisk rettskriving har c lydverdien ts, i tyrkisk dʒ. C med hake, č, vert nytta i slaviske og baltiske språk og i samisk med lydverdien tʃ. Ord som ikkje finst under č, kan søkast under cz, tsch og tsj.

C har tydinga endre

c har tydinga endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «c» i Nynorskordboka., «chablis» og «cha-cha-cha» som uttaledøme.
  2. Sihler, Andrew L. (1995). New Comparative Grammar of Greek and Latin (illustrated utg.). New York: Oxford University Press. s. 21. ISBN 0-19-508345-8. 

«C – bokstav» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre