Fernando De Napoli
Fernando De Napoli (fødd 15. mars 1964) er ein italiensk, tidlegare fotballspelar frå Chiusano di San Domenico i provinsen Avellino. Midtbanespelaren er særleg kjend frå sine seks år (1986-92) med SSC Napoli. Han vann to italienske seriemeisterskap og eitt cupmeisterskap, samt UEFA-cupen med klubben. Mellom 1986 og -92 spela han 54 landskampar for Italia og vann VM-bronse i 1990.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødselsdato | 15. mars 1964 (60 år) | ||
Fødestad | Chiusano di San Domenico i Italia | ||
Høgd | 178 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1982-1983 | Rimini | 31 | (2) |
1983-1986 | Avellino | 73 | (3) |
1986-1992 | Napoli | 176 | (8) |
1992-1994 | Milan | 9 | (0) |
1994-1997 | Reggiana | 58 | (0) |
Totalt | 347 | (13) | |
Landslag | |||
1986-1992 | Italia | 54 | (1) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Klubbspel
endreDe Napoli debuterte i 1982 for fotballklubben Rimini Calcio i Serie C. Sommaren 1983 flytta han over til Serie A-klubben Avellino, der han spela i tre år. I 1986 gjekk han vidare til naboklubben i Campania-regionen, SSC Napoli. Her var han dei neste sesongane mellom dei viktigaste spelarane i klubben, i det som skulle verte Napoli-klubben si stordomstid. De Napoli spela mellom andre saman med Diego Maradona. Gjennom dei seks åra i Napoli var De Napoli med på å vinne både serien og cupen i sin fyrste sesong, 1987. To år seinare sigra klubben med samanlagt 5-4 over tyske Stuttgart i dobbelfinalen i UEFA-cupen, før det i 1990 vart eit nytt seriemeisterskap.
De Napoli vart i i 1992 overført til AC Milan. Her fekk han lite speletid og gjekk då i juli 1994 vidare til Reggiana. Der spela han i tre sesongar, for ein klubb som då var med i Serie A. Han la opp i 1997.
Landslagsspel
endreDe Napoli fekk sin landslagsdebut for Italia den 11. mai 1986 mot Kina. Kampen vart spela i Napoli og Italia vann 2–0. Han deltok i VM 1986, EM 1988 og VM 1990. I den sistnemnde meisterskapen spela han alle kampane, unnateke den avsluttande bronsefinalen, der Italia slo England 2-1. Totalt spela han 54 kampar for Italia. Hans einaste landslagsmål kom mot Argentina i ein vennskapslandskamp i 1987.
Merittar
endre- VM-bronse 1990 for Italia
- Vinnar av UEFA-cupen 1989 med SSC Napoli
- Italiensk seriemeister 1987 og 1990 med SSC Napoli
- Italiensk cupmeister 1987 med SSC Napoli
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fernando De Napoli» frå Wikipedia på engelsk, den 31. juli 2013.