Ferroptose
Ferroptose er er ein type selledaude valda av for høg konsentrasjon av jarn som deltek i peroksidering av umetta feittsyrer frå fosfolipid. Ferroptose er involvert i fleire sjukdomar hjå menneske. Jarn kan laga frie radikal ved fentonreaksjonar eller Haber-Weissreaksjonar. Ferroptose skil seg frå apoptose, nekrose og autofagi. Ved ferroptose kjem selledauden av peroksidering og lipidreaktive oksygensambindingar inne i sellene. Omgrepet «ferroptose» vart laga i 2012.[1]
Ferroptose gjev opphoping av reaktive lipidperoksid og skrumping av mitokondriemembranen, noko som endar i minska mitokondrievolum og nedbryting av den indre mitokondremembranen.
Ferroptose kan byrjast ved hemjing av cystin-glutamat-transportsystemet i sellemembranen. Andre mekanismar som byrjar ferroptose er hemjing av enzymet glutationperoksidase 4 (GPX4). Ved mangel på aminosyra cystein, ein byggjestein i tripeptidet glutation, for eksempel ved hemjing av cystin-glutamat-antiportar, vert verksemda til glutationperoksidase minska, og det same vert mengda av glutation.
Ferroptose kan òg byrjast av erastin. Erastin kan gje meir ferroptose ved å aktivera spenningsregulerte anionkanalar eller via proteinet p53 som vert laga frå tumorsupressorgenet p53.
Kjelder
endre- ↑ Scott J Dixon; Kathryn M Lemberg; Michael R Lamprecht; et al. (1. mai 2012). «Ferroptosis: an iron-dependent form of nonapoptotic cell death». Cell (på engelsk) 149 (5): 1060–1072. ISSN 0092-8674. PMC 3367386. PMID 22632970. doi:10.1016/J.CELL.2012.03.042. Wikidata Q34032093.
- «lipidperoksidering» av Halvor Aarnes i Store norske leksikon, snl.no. Henta 3. februar 2024.